Deltastråle
Deltastråle eller δ-stråle er strålar av sekundære elektron, det vil seie strålar av elektron som blir slått lause når ioniserande partiklar med stor fart vert bremsa ned i eit stoff. I tåke- og boblekammer og i fotografiske emulsjonar kan sporet av den primære partikkelen sjåast som ei om lag rett linje, spora av deltastrålane viser seg derimot som korte sidegreiner. Ved å studere deltastrålane kan ein få opplysningar om snøggleiken og ladinga til den primære partikkelen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- deltastråler. () I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/deltastråler