Den blodige sundagen i Derry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Veggmåleri til minne om dei 14 som vart drepne.

Den blodige sundagen i Derry (irsk Domhnach na Fola[1]), òg kalla Bogsidemassakren, var ein massakre den 30. januar 1972, då britiske soldatar skaut og drap 14 demonstrantar i Derry i Nord-Irland. Dei britiske soldatane opna eld og skaut 27 demonstrantar; 13 døydde med ein gong og ein døydde seinare av skadane. Mellom dei som vart drepne var det 7 halvvokstringar. Ingen av dei som vart skotne var væpna. Fem vart skotne attanfrå.

Storbritannia freista i mange å framstilla soldatane som uskuldige ved å setta ned «undersøkingskomitear» som konkluderte med at soldatane ikkje kunne lastast. Men misnøya med «kvitvaskinga» gav seg ikkje og den 15. juni 2010 presenterte den britiske statsministeren David Cameron ein ny granskingsrapport i parlamentet i London, som konkluderte med at massakren var dei britiske soldatane sin feil[2]. Cameron bad samstundes om orsaking for drapa.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Examples of Bloody Sunday Posters, CAIM (vitja 15/6-2010)
  2. Transtad, B., Bad om orsaking for "Bloody Sunday", Nrk.no, 15/6-2010.