Den cadomiske orogenesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Den cadomiske orogenesen er ein orogenese eller ei fjellkjedefolding for 650-550 millionar år sidan, i neoproterozoikum. Fjellkjedefoldinga er særleg markert ved deformasjon, metamorfose og framtrenging av djupbergartar. Ein finn restar av den cadomiske fjellkjeda på begge sider av Atlanterhavet, særleg nord i Appalachane og sør i Storbritannia, men òg nord i Frankrike, sør i Tyskland, Böhmen, sør i Polen og sørvest på Den iberiske halvøya. Fjellkjeda oppstod i utkanten av kontinentet Gondwana og namnet kjem frå Cadomus, som er det latinske namnet på Caen nord i Frankrike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]