Den gamle Svinesundsbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den gamle Svinesundsbrua
Old Svinesund Bridge.jpg
Offisielt namn Norsk: Brunr. 1-109 Svinesund
Svensk: Bro 06 över Idefjorden vid Svinesund (Svinesundsbron) i Strömstad på väg E6
Kallenamn Norsk: Svinesundbrua
Svensk: Svinesundsbron
Transporterer Biltrafikk
Kryssar Ringdalsfjorden
Veg 118/O 1040
Stad Halden i NoregStrömstad i Sverige
Utforming Bogebru
Materiale Betong
Lengste spenn 155 m
Total lengd 420 m
Høgd 65 m
Påbegynt 1939
Opna 15. juni 1946

Den gamle Svinesundsbrua er ei vegbru over sundet Svinesund, som her er grensefjord mellom Noreg og Sverige, og soleis òg yttergrense for Den europeiske union. På norsk side ligg Halden kommune i Østfold fylke og på svensk side Strömstad kommune i Västra Götalands län.

Brua, som vart innvigd i 1946, avløyste ei ferje som hadde gått over sundet. Bruas totale lengde er 420 meter, og lengste spenn er 155 meter. Største høgde over fjorden er 65 meter. Hovudspennet er bygd som ei bogebru med underliggjande boge i betong. Sidespenna er bygd som viadukter og føreblenda med granitt.

Brua hadde ulike namn på norsk og svensk side, i Noreg hadde brua det offisielle namnet «Brunr. 1-109 Svinesund», medan der svenske namnet var «Bro 06 över Idefjorden vid Svinesund (Svinesundsbron) i Strömstad på väg E6». På folkemunne var namnet berre «Svinesundbrua» og «Svinesundsbron».

Bygginga av brua starta i 1939. Då Tyskland invaderte Noreg i april 1940 vart situasjonen i området svært spent, og byggjearbeidet vart mellombels stoppa. Arbeidet vart mellombels teke oppatt etter nokre vekes avbrot, og planen var å opne brua for trafikk i laupet av 1942. Den 7. juli 1942 skjedde det ein eksplosjon som råka delar av dei ferdige brukvelva. Det vart aldri oppklart om det var ei ulukke eller sabotasje. Bygginga vart då innstilt og ikkje teke oppatt før krigen var over. Brua vart ferdigstilt og offisielt opna 15. juni 1946.

Den nye Svinesundsbrua vart opna 10. juni 2005.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]