Den indiske frigjeringsrørsla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Indarar under Quit India-kampanjen.
Film frå saltmarsjen leia av Gandhi som eit ledd i den indiske frigjeringsrørsla.
Film om Quit India-kampanjen.

Den indiske frigjeringsrørsla omfattar ulike grupper, leiarar og ideologiar knytt til lausrivinga av Britisk India frå Det britiske imperiet. Rørsla byrja som eit forsøk på å oppnå meir sjølvstyre for indarar, men utvikla seg til å gjera krav på sjølvstende, og enda med delinga av kolonien og opprettinga av Pakistan og India i midten av august 1947. Ulike verkemiddel, frå valdeleg opprør til ikkje-valdelege strategiar som boikottar og sivil ulydnad, blei tekne i brukt under kampen. Rørsla hadde også mykje å seia for gjenreisinga av indisk kultur etter anglifiseringa av delar av det indiske samfunnet.

Den best kjende personen frå frigjeringsrørsla er truleg Mahatma Gandhi, som utvikla livshaldninga si satyagraha som framtredande leiar av fridomsrørsla. Andre kjende namn er Jinnah og Nehru, dei to første leiarane av Pakistan og India.

Viktige hendingar knytt til sjølvstendekampen[endre | endre wikiteksten]

Viktige personar i sjølvstenderørsla[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Den indiske frigjeringsrørsla

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.