Den islandske falkeordenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Ordensstjerne for storkross av Den islandske falkeordenen.

Den islandske falkeordenen (islandsk: Hin íslenska fálkaorða) er Islands einaste orden. Han vart innstifta 3. juli 1921 av kong Christian 10. av Island. Ordenen vart oppkalla etter motivet i Det islandske riksvåpenet, som i 1903 var endra til å visa ein sølvfalk i blått felt. Ordenen hadde kongen som stormeister, ein posisjon som vart overteken av presidenten på Island etter 1944.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Ordensteikn for Den islandske falkeordenen i monarkisk og republikansk utforming

Den islandske falkeordenen er inndelt i tre gradar der den eine av desse igjen er inndelt i to klasser, til saman fire trinn:

  • Stórkross
  • Stórriddarakross með stjörnu
  • Stórriddarakross
  • Riddarakross

Stórkross kan òg verta tildelt med kjeda.

Insignium[endre | endre wikiteksten]

Ved innstiftinga fekk ordensteiknet for riddarar ei utforming som likna krossen i Dannebrogordenen. Den kvitemaljerte krossen har ein sentral oval der falken vert avbilda mot blå botn. Krossen var opphengd i ordensbandet ved eit ledd danna av den islandske heraldiske kongekrona. Ved overgangen til republikk i 1944 vart ordensteiknet endra ved at den islandske kongekrona vart erstatta av eit ornament. Ordensstjerna til storriddere er i sølv og har òg midtmedaljon med falken i sølv mot blått. For storkross er ordensstjerna besett med riddarkrossen. Ved innføringa av republikken i 1944 vart kongemonogrammet erstatta av Det islandske riksvåpenet i ordenskjeda. Ordenskjeda består deretter av ledd med blå medaljongar med falken vekselvis med riksvåpenet.

Ordensbandet er blått med kvite og raude kantar, fargane til det islandske flagget.

Tildeling[endre | endre wikiteksten]

Den islandske falkeordenen vert tildelt både islendingar og utanlandske borgarar for tenester for Island og menneskja. Ordenen vert tildelt av presidenten etter innstilling av eit ordensråd på fem medlemmar. Tildeling skjer vanlegvis 1. januar og 17. juni, men kan òg finna stad på andre datoar. Stormeisteren til ordenen ber storkross med kjeda, elles vert kjeda berre tildelt statsoverhovud av framande land.

Norske innehavarar[endre | endre wikiteksten]

Ei rekkje nordmenn er vorte tildelte Den islandske falkeordenen. Kong Harald V og dronning Sonja er innehavarar av storkrossen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:

  • Poul Ohm Hieronymussen og Jørgen Lundø: Europæiske ordner i farver, København: Politikens forlag, 1966
  • Lars Stevnsborg: Kongeriget Danmarks ordener, medaljer og hederstegn. Kongeriget Islands ordener og medaljer, Syddansk Universitetsforlag, 2005, s. 771–780

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]