Den libyske borgarkrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ei dokke som skal etterlikna Gaddafi heng med opprørsflagget i bakgrunnnen frå ei kran på Martyrplassen i Tripoli, nokre dagar etter at opprørarane tok byen.
Bygningar nær Tripoli-brua med skadar dei fekk frå krigføringa i Benghazi 19. mars

Den libyske borgarkrigen, stundom kalla den libyske revolusjonen, var ein borgarkrig som fann stad i Libya i 2011 mellom opprørarar og styrkar lojale til den libyske leiaren Muammar Gaddafi. Borgarkrigen enda med hærtakinga av Sirte og drapet på Gaddafi, og resulterte i eit splitta land utan sterkt statsmakt.

Utviklinga[endre | endre wikiteksten]

I fyrstninga var borgarkrigen ein oppreist i Benghazi aust i Libya, og tok til med protestar 15. og 16. februar mot at menneskerettsaktivisten Fethi Tarbel vart gripen. Opprøret vart væpna og spreidde seg, og etter nokre dagar hadde opprørarar teke kontrollen over heile det austlege Libya og byen Misrata i vest.

Etter kvart som krigslukka for opprørarane vart veikt, og den Gaddafi-lojale hæren snøgt nærma seg opprørshovudsetet i Benghazi, vart det vedteke ei flyforbodssone av Tryggingsrådet i SN, og at medlemslanda kunne nytta «alle turvande råder» for «å verna den sivile folkesetnaden i Libya». Ein internasjonal koalisjon med Frankrike og Storbritannia i spissen og med USA i ei nykelrolle, seinare leidd av NATO, sette i verk dei fyrste flyåtaka 19. mars med mandatet som bakgrunn, og stogga Gaddafi-hæren som då var i utkanten av Benghazi.

Med bortimot daglege NATO-bombetokt fekk opprørarane krigslukka attende, og etter stundom langsame framrykkingar hærtok opprørarane mykje av hovudstaden Tripoli den 23. august, og fekk etter nokre dagar full kontroll. 20. oktober tok opprørarane Sirte, heimbyen til Gaddafi, og den siste større folkesette staden som framleis hadde stridande Gaddafi-lojale styrkar. Gaddafi vart like etter drepen i området. 23. oktober kunngjorde Overgangsrådet at Libya var frigjort.

Resultatet[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 2012 vart det valt eit parlament som peika ute ei regjering. Regjeringa fekk aldri kontroll over heile landet, og i dag har Libya to konkurrerande parlament og regjeringar. Den eine regjeringa styrer frå Tripoli, den andre frå Tobruk. Tryggingssiutasjonen i landet er dårleg, tilhøva blir vurdert som verre no enn før borgarkrigen. IS har erobra store område, og tusenvis av flyktningar har med Libya som utgangspunkt forsøkt å krysse Middelhavet med båt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Forholdet mellom Russland og Syria

Kjelder[endre | endre wikiteksten]