Den norske kontinentalsokkelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Den norske kontinentalsokkelen strekkjer seg 200 nautiske mil ut frå kysten, og i områda i Nordsjøen som grensar mot den britiske, danske og svenske kontinentalsokkelen følgjer ein den såkalla medianlinja eller midtlinja, som er ei linje der alle punkt ligg like langt frå dei ulike landa sine grunnlinjer for sjøterritoriet si utrekning. Desse grensene er nærare presistert i avtalar med Storbritannia, Danmark og Sverige frå 1960-åra.

Sommaren 2001 vart det utført ein ekspedisjon i Nordishavet som viste at kontinentalsokkelen til Noreg rundt Svalbard, som følgje av Havrettskonvensjonen av 1996, strekte seg så langt nord som til 84° 30' N. Dette er kring 50 nautiske mil nord for 200-mils grensa og den økonomiske sonen. I følgje tilrådinga frå Havrettskommisjonen som vart vedteken 27. mars 2009, dekkjer den norske kontinentalsokkelen utanfor 200 nautisk mil utanfor Fastlands-Noreg, Svalbard og Jan Mayen eit område på kring 235 000 kvadratkilometer. I enkelte område går norsk sokkel heilt ned til 3000-4000 meters djupne i Norskehavet.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Den norske kontinentalsokkelen består av grunne bankar på 50-300 m havdjup som er fråskild av grøftar på 150-550 m havdjup. Norskerenna er den største av desse grøftene. Grunnfjellet langs kysten av fastlands-Noreg strekkjer seg 10-40 km vestafor dei ytste øyane. Berggrunnen blir gradvis yngre utover frå kysten og består vesentleg av sedimentære bergartar som er avsett seinare enn triastida. Utanfor Egga finst ein tjukk lagpakke av glasifluvialt material som vart avsett under og etter istida.

Olje og gass[endre | endre wikiteksten]

Nesten overalt i berggrunnen under den norske kontinentalsokkelen finst sedimentære bergartar, oftast med fleire tusen meters tjukkleik. Produksjon av olje og gass føregår i Nordsjøen, Norskehavet og i Barentshavet.

Ved årsskiftet 2008/09 var 61 petroleumsfelt i produksjon på norsk kontinentalsokkel, 51 i Nordsjøen, 9 i Norskehavet og éit i Barentshavet. Til saman har desse felta produsert 5,1 mrd. Sm³ petroleum (2009).

På 2000-talet vart Goliatfeltet og Johan Castberg-feltet funne i nordlege delen av Norskehavet, og i januar 2012 vart Barentshavet erklært som ei ny olje/gass-provins på norsk sokkel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]