Kontinentalsokkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kontinentalsokkel er ei nemning på den delen av eit kontinent som går ut i havet. Havdjupna i slike område er høvesvis liten. Tidlegare var kontinentalsokkelen rekna ned til ei djupne på 200 meter. Ein annan definisjon er at sokkelen går ut til kontinentalskråninga, der havbotnen skrånar ned mot djupare havområde. Kontinentalhylla er den inste delen av kontinentalsokkelen og er relativt flat med grunn havbotn langs landområda.

I tilhøve mellom kyststatar, vert nemninga «sokkelen» ofte nytta. Yttergrensene geografisk er kanten av kontinentalmarginen. Om det er mindre enn 400 nautiske mil til grunnlinja til ein nabostat, vert avgrensinga av sokkelen mot ein nabostat avgjort av avtalar mellom dei statane det gjeld. Landa kring Nordsjøen har delt kontinentalsokkelen ved slike avtalar, slik at yttergrensa normalt er midtlinja mellom grunnlinjekanten til statane (midtlinjeprinsippet). Det manglar framleis ei endeleg avtale mellom Russland og Noreg om deling av kontinentalsokkelen i Barentshavet.

Ein kyststat er grunneigar på kontinentalsokkelen, i høve kontinentalsokkelkonvensjonen av 1958.

Avklaring av kva stat som har rettar på ein kontinentalsokkel har vorte særleg aktuelt i høve petroleumsverksemd utaskjærs.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]