Den russisk-japanske krigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den russisk-japanske krigen
RUSSOJAPANESEWARIMAGE.jpg
Dato 8. februar 1904-
5. september 1905
Stad Mandsjuria og Gulehavet
Resultat Japansk siger
Partar
Flag of Japan.svg Japan Flagget til Russland Det russiske keisarriket
Kommandantar
Flagget til Japan Keisar Mutsuhito
Flagget til Japan Oyama Iwao
Flagget til Japan Togo Heihachiro
Flagget til Russland Tsar Nikolaj II
Flagget til Russland Aleksej Kuropatkin
Flagget til Russland Stepan Makarov
Styrkar
400 000 500 000
Tap
107 591 134 817 døde eller krigsfangar
170 000 sakna

Den russisken-japanske krigen var ein krig mellom Russland og Japan med opphav i landa sine imperialistiske ambisjonar i Asia, særleg i Korea og Mandsjuria. Krigen starta i februar 1904 og vart avslutta i september året etter. Kampane til lands vart særleg utkjempa om byen Port Arthur (noverande Lüshunkou) og Liaodonghalvøya og dessutan om jarnbana frå hamna til Harbin. Til sjøs stod det viktigaste slaget i Tsushimasundet i mai 1905.

Russland vart påført ei rekkje nederlag i konflikten og måtte gje Japan fleire innrømmingar ved fredsslutninga, m.a. kontrollen over Korea. Internasjonalt vekte det store oppsikt at ein asiatisk nasjon, Japan, klarte å slå eit europeisk land.

Bakgrunn og opptakt[endre | endre wikiteksten]

I slutten av 1800-talet og i byrjinga av 1900-talet kappa fleire vestlege land om innverknad, handel og landområde i Aust-Asia, samstundes som Japan streva etter å verta ei moderne stormakt. Plasseringa til Japan gjorde at landet fokuserte på Korea og det nordlege Kina, noko som førte til interessekonfliktar med nabolandet Russland. Det japanske forsøket på å okkupera Korea førte til den første sino-japanske krigen. Japan sin siger over Kina førte til Shimonosekitraktaten den 17. april 1895, der Kina gav opp interessene sine i Korea, og dessutan avstod [[øya Taiwan>Taiwan]] og Port Arthur til Kina. Tre vestlege stormakter (Russland, Tyskland og Frankrike) pressa ved Trippelintervensjonen den 23. april 1895 Japan til å gje opp Port Arthur, og russarane forhandla i 1898 med Kina seg til ein 25-årig avtale om marinebasen der. På same tid freista japanske troppar å overta Korea, som hadde ei forsvarspakt med Russland. Russiske styrkar okkuperte størstedelen av Mandsjuria og delar av Korea.

Etter å ha mislukkast med å forhandla fram ein fordelaktig avtale med Russland, sende Japan eit ultimatum den 31. desember 1903, og avbraut dei diplomatiske sambanda med Russland den 6. februar 1904. Dei angreip den russiske flåten ved Port Arthur tre timar før ultimatumet var motteke av den russiske regjeringa. Begge partar erklærte kvarandre krig den 10. februar.

Sjølve krigen[endre | endre wikiteksten]

Port Arthur hadde vore okkupert av russarane sidan 1898 og var ein av hovudbasane for den russiske marinen i området, og krigen vart innleidd med eit japansk torpedoangrep natta til 8. februar. Byen vart deretter kringsett. Med dette som utgangspunkt gjekk japanarane i land ved Incheon i Korea og okkuperte først Seoul og deretter resten av landet. I april stod japanarane ved Yalu-elva og var klåre til å rykka inn i det russiskokkuperte Mansjuria.

Den russiske strategien var å kjøpa tid, og vente på forsyninga som skulle koma med Den transsibirske jarnbana. Men i mai gjekk japanerne til angrep og hadde ei rekkje sigrar utover månaden.

Det siste store slaget var eit sjøslag i sundet mellom Korea og Japan, kalla slaget ved Tsushima 27.-28. mai 1905.

Fredsslutning og følgjer[endre | endre wikiteksten]

Etter slaget ved Port Arthur og dei russiske nederlaga ved Mukden i februar/mars 1905 og ved Tsushima i mai 1905 tok tsaren imot eit meklingstilbod frå den amerikanske presidenten Theodore Roosevelt. Den 5. september 1905 vart Portsmouthavtalen underteikna på marinebasen i Portsmouth i USA av Theodore Roosevelt. Roosevelt fekk Nobels fredspris i 1906 for dette arbeidet.

Utfallet av krigen førte til ei omfattande endring av maktbalansen i Aust-Asia, og opna på lengre sikt for seinare japansk ekspansjon.

Russland gav opp Liaoyang og Port Arthur, avstod den sørlege halvdelen av øya Sakhalin til Japan, og trekte seg ut av Mandsjuria. Korea vart dermed verande ein del av Japan si interessesfære.

Den russiske forhandlaren Sergej Juljevitsj Witte hadde med detta eigenleg klart å hala i land relativt milde fredsvilkår. Dei japanske forhandlarane klarte til dømes ikkje å driva gjennom krigsskadeserstatning og overtaking av heile Sakhalin. Mange japanarar oppfatta forhandlingsresultatet som skammeleg, og dette utløyste Hibiya-uroa i Japan, med 17 daude og meir enn 1.000 såra.

I Russland bidrog det audmjukande russiske nederlaget til den interne spenninga og misnøya med tsar-styret, og leidde fram til 1905-revolusjonen. Dette førte til at tsar Nikolaj 2 fekk ein endå meir svekka posisjon ved fredsforhandlingane, då han måtte konsentrera seg om dei interne tilhøva i Russland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ernst zu Reventlow: Der Russisch-Japanische Krieg. Berlin 1905
  • Sven Saaler, Inaba Chiharu (utg.): Der Russisch-Japanische Krieg 1904/05 im Spiegel deutscher Bilderbogen. Deutsches Institut für Japanstudien, Tokio 2005 (Abstract)
  • Maik Hendrik Sprotte, Wolfgang Seifert, Heinz-Dietrich. Löwe: Der Russisch-Japanische Krieg 1904/05. Anbruch einer neuen Zeit? Wiesbaden 2008, ISBN 978-3-447-05707-3
  • J. Taburno: Die Wahrheit über den Krieg!. Cronbach, Berlin 1905 (Digitalisat)
  • Krebs, Gerhard: "World War Zero oder Der Nullte Weltkrieg? Neuere Literatur zum Russisch-Japanischen Krieg 1904/05(PDF; 292 kB)." () Nachrichten der Gesellschaft für Natur- und Völkerkunde Ostasiens (NOAG), Universität Hamburg. Jg. 78, Heft 183–184 (2008). s. 187-248.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]