Nikolaj II av Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nikolaj II av Russland

Nikolaj II (18. mai 186816. juli 1918) òg kalla «den siste tsaren», vart fødd i St. Petersburg. Han var tsar av Russland frå han etterfølgde faren Aleksandr III i 1894 til han abdiserte den 15. mars 1917.

Nikolaj II høyrde til fyrstehuset Romanov. Mora var fødd prinsesse Dagmar av Danmark (fødd i København 1847, død 1928), dotter av kong Kristian IX av Danmark og dronning Louise av Hessen-Kassel. Ho var tante både til dronning Maud av Noreg og kong Haakon VII av Noreg. Som tsarina tok Dagmar namnet Marie.

Nikolai vart avsett som tsar i samband med den russiske revolusjonen. Han vart avretta saman med kona si, tsarina Alexandra Fedorovna av Hessen, og dei fem borna deira den 16. juli 1918 i Jekaterinburg (Sverdlovsk frå 1924 til 1991)).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nikolaj II av Russland
Spire Denne historieartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.