Denise Karbon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denise Karbon
Denise Karbon Semmering 2008.jpg
Fødd 16. august 1980
Brixen
Yrke alpinist
Denise Karbon på Commons

Denise Karbon (fødd 16. august 1980) er ein italiensk tidlegare alpin skirennar frå Brixen i provinsen Bolzano som vann ein sølv- og ein bronsemedalje i storslalåm under dei alpine verdsmeisterskapane i 2003 og 2007. I 2008 vann ho FIS-pokalen som prova at ho den sesongen var beste kvinna i storslalåm i verdscupen i alpine greiner.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Karbon debuterte i verdscupen i alpine greiner i 1998, året før ho var junior-verdsmeister i storslalåm.

Nokre veker etter ho for fyrste gong hadde stått på pallen etter eit verdscuprenn, vann ho sølvmedaljen i storslalåmrennet under VM i alpine greiner 2003 i St. Moritz, einast Anja Pärson frå Sverige kunne ho ikkje hamle opp med. Fire år seinare tok Karbon ein ny VM-medalje i storslalåm, då vart det bronse i alpin-VM 2007 i Åre. I dei neste to verdsmeisterskapane, 2009 og 2011 hamna ho på fjerdeplassen i yndlingsgreina, i 2009 også i slalåm-tevlinga.

Karbon sigra i seks renn i verdscupen, alle i storslalåm. Etter den fyrste sigeren i desember 2003 i Alta Badia, gjekk det nærare fire år ho kunne klive til topps på sigerspallen. Vinteren 2007/08 vann ho heile fem av dei av sju storslalåmrenna, og med 592 poeng var ho overlegen i kampen om å verte den beste i storslalåm i verdscupen i alpine greiner 2008.

Ho la opp etter OL-sesongen 2014.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar