Derek Drouin
| Derek Drouin | |
| Statsborgarskap | Canada |
| Fødd | 6. mars 1990 (35 år) Sarnia |
| Yrke | friidrettsutøvar, høydehopper |
| Høgd | 196 centimeter |
| Derek Drouin på Commons | |
Derek Drouin (fødd 6. mars 1990) er ein kanadisk tidlegare friidrettsutøvar frå Sarnia i Ontario som vart verdsmeister 2015 og olympiameister 2016 i høgdehopp.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Drouin vart kanadisk meister i høgdehopp i 2010. Han deltok i Sommar-OL 2012, der han var ein av tre bronsevinnarar i høgdetevlinga. I 2013 forbetra han den kanadiske rekorden til 2,36 m i Eugene i delstaten Oregon, og la under friidretts-VM 2013 i Moskva på til 2,38 meter, noko som gav han bronsemedaljen i ei tevling med sjeldan sterke prestasjonar.
Den 25. april 2014 flytta Drouin til 2,40 m i eit stemne i Des Moines i delstaten Iowa. Under VM i friidrett 2015 i Beijing lukkast han sikre seg gullmedaljen i høgdehopp, då etter at dei tre gjenverande utøvararane hadde rive tre gongar på 2,36 m, lukkast Drouin som den einaste å ta seg over 2,34 m i fyrste forsøk. Ved dei olympiske sommarleikane 2016 svinga Drouin seg over 2,38 m og vann ein ny gullmedalje.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 2012 i London: Sølvmedalje – 2,29 m
- VM 2013 i Moskva: Bronsemedalje – 2,38 m
- VM 2015 i Beijing: Gullmedalje – 2,34 m
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje – 2,38 m, framom Mutaz Essa Barshim (2,36 m)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Derek Drouin» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2016.
- Einskildmenn
- Fødde i 1990
- Canadiske høgdehopparar
- Verdsmeistrar i friidrett
- Olympiske meistrar for Canada
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Canada
- Canadiske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2012
- Canadiske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2016
- Deltakarar under VM i friidrett 2015