Derivasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Derivasjon er i matematikken eitt av to sentrale emne innan differensialrekning. Det andre er integrasjon.

Den deriverte gjev den momentane endringa til ein funksjon. For reelle funksjonar av ein variabel vert denne verdien kalla for funksjonen sitt stigningstal. Stigningstalet er definert som stigninga til tangenten til funksjonen i punktet og kan estimerast ved hjelp av sekantar. Ikkje alle funksjonar er deriverbare overalt. Til dømes for ein funksjon funksjon som er diskontinuerleg eller har ein loddrett tangent i eit punkt, vil den deriverte vere udefinert for dette punktet.

Terminologi[endre | endre wikiteksten]

Diskontinuerleg; ein funksjon som har eitt eller fleire verdiar der han ikkje er definert.
Kritisk punkt; eit punkt der den deriverte er lik 0.
Lokalt maks/min punkt; eit eller fleire kritiske punkt som har dei høgaste eller lågaste verdiane innanfor eit avgrensa definisjonsområde.
Absolutt maks/min punkt; eit eller fleire kritiske punkt som har dei høgaste eller lågaste verdiane, for alle definerbare verdiar. Absolutte maks/min punkt kan i mange tilfelle ikkje eksistere i det heile tatt t.d.:

Notasjon[endre | endre wikiteksten]

Lagrange sin notasjon[endre | endre wikiteksten]

For ein reell funksjon av ein variabel, , er det vanleg å skrive , , og , , for respektive første-, andre-, tredje- og høgare-ordens deriverte.

Leibniz sin notasjon[endre | endre wikiteksten]

I Leibniz sin notasjon vert symbolet nytta for derivasjon med omsyn på . Vi skriv då eller for den deriverte til . Dei høgare ordens deriverte vert skrive eller . Ideen bak denne notasjonen er at differensiala og representerer «infinitesimale endringar» i verdiane til respektive og .

Newton sin notasjon[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå fluksjon i matematikk.

Newton sin notasjon vert nytta innan fysikk og mekanikk, og spesielt når variabelen omhandlar tid. I denne notasjonen vert derivasjon skrive ved å sette prikkar over funksjonen. Til dømes om er ein funksjon av , så er og respektive den første- og andre-deriverte av .

Euler sin notasjon[endre | endre wikiteksten]

I Euler sin notasjon er ideen å tenke på derivasjon som ein operator som verkar på funksjonar. Derivasjonsoperatoren vert skrive som , og vi skriv , , og for første-, andre-, tredje- og høgare-ordens deriverte. Dersom ein ønskjer å presisere at derivasjonen vert teke med omsyn på variabelen , kan ein skrive .

Å finne den deriverte[endre | endre wikiteksten]

Ofte vil ein funksjon vere gjeve ved ein formel, bygd opp frå kjende funksjonar ved operasjonane addisjon, subtraksjon, multiplikasjon, divisjon og samansetting. Derivasjonsreglane viser oss samanhengane mellom den deriverte til formelen og dei deriverte til bestanddelane. Så søker ein i lista over derivasjonsformlar for å finne dei deriverte til bestanddelane (dei kjende funksjonane som inngår i formelen).

Derivasjonsreglar[endre | endre wikiteksten]

Tenk at funksjonane og er deriverbare i punktet og at er ein konstant. Då er òg , , , og (føresett at ) òg deriverbare i , og den deriverte er gjeve ved:

  • Produktregelen:
  • Kvotientregelen:

Kjerneregelen: Tenk at er deriverbar i og er deriverbar i . Då er den samansette funksjonen gitt ved òg deriverbar i og den deriverte er gjeve ved:

Den deriverte til den omvendte funksjonen: Tenk at er ein kontinuerleg, strengt monoton funksjon, som er deriverbar i punktet med . Då er den omvendte funksjonen deriverbar i og vi har

.

Liste over derivasjonsformlar[endre | endre wikiteksten]

Generelle tilfelle
  • For ein konstant er .
For eksponentielle funksjonar
  • der er Eulertalet.
  • der .
For logaritmiske funksjonar
  • for , her er den naturlege logaritmen.
  • for .
For trigonometriske funksjonar
For omvendte trigonometriske funksjonar
For hyperbolske funksjonar
For omvendte hyperbolske funksjonar

Døme[endre | endre wikiteksten]

Døme 1

La . Vi finn den deriverte ved å bruke derivasjonsreglane for sum og differanse:

Døme 2

La . Her må vi bruke produktregelen og kjerneregelen:

Bruk av derivasjon i grafteikning[endre | endre wikiteksten]

Derivasjon kan nyttast når ein skal teikne grafar for funksjoner, ved at det kan nyttast til å finne tangentar, ekstrempunkt og vendepunkt.

Å finne tangenten til i eit punkt[endre | endre wikiteksten]

Om er deriverbar i , så er likninga for tangenten til i gjeve ved:

.

Ekstremalpunkt[endre | endre wikiteksten]

Kandidatar til minimums- og maksimumspunkt er dei der .

Vendepunkt[endre | endre wikiteksten]

Kandidatar til vendepunkt er dei der .

Krumming[endre | endre wikiteksten]

Grafen til krummar oppover når , og grafen krummar nedover når .

Teori for derivasjon[endre | endre wikiteksten]

Definisjon[endre | endre wikiteksten]

Hovudideen bak definisjonen av den deriverte er at er stigningstalet til tangenten til grafen av i punktet , og at sekanten gjennom punkta og er ei god tilnærming til denne tangenten når går mot . Stigningstallet til sekanten er gjeve ved:

og vi definerer den deriverte av i til å vere grenseverdien

dersom denne grenseverdien eksisterer, og vi skriv då for dette talet. Om grenseverdien ikkje eksisterer er funksjonen ikkje deriverbar i .

Deriverbar funksjon[endre | endre wikiteksten]

Ein funksjon vert kalla deriverbar i punktet dersom eksisterer. Ein funksjon vert kalla deriverbar dersom han er deriverbar i alle punkt i definisjonsmengden. Ein funksjon vert kalla dersom den deriverte er ein kontinuerleg funksjon.

Middelverdisetninga[endre | endre wikiteksten]

Dersom er ein kontinuerleg funksjon, og deriverbar på det opne intervallet , så finst eit punkt mellom og slik at:

.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]