Derrick Adkins
| Derrick Adkins | |
| Statsborgarskap | USA |
| Fødd | 2. juli 1970 (56 år) Brooklyn |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 1996, VM i friidrett 1991, VM i friidrett 1993, VM i friidrett 1995, VM i friidrett 1997 |
Derrick Adkins (fødd 2. juli 1970) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå New York som vart verdsmeister 1995 og olympisk meister 1996 i 400 meter hekk.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Adkins slo gjennom i 1991-sesongen, då han vann 400 meter hekk under universiaden i Sheffield og vart sjettemann i VM i Tokyo. To år seinare kom han på sjuandeplass i Stuttgart-VM.
Hans fyrste store meisterskapstriumf kom i 1995 under VM i Göteborg, der han vann gullmedaljen på langhekken fem hundredelar framom zambiaren Samuel Matete. Under Sommar-OL 1996 i Atlanta stod gullstriden atter mellom Adkins og Matete, og nok ein gong vann Adkins. Med livsbeste 47,54 sekund hadde han eit forsprang på 24 hundredelar av ei sekund.
Adkins siste internasjonale meisterskap vart VM 1997, der han rauk ut i semifinalane.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Derrick Adkins» frå Wikipedia på engelsk, den 13. august 2016.
- World Athletics
- «Derrick Adkins» (på engelsk). Olympedia. Henta 2023-03-11.