Gjøs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gjøs brukt av den amerikanske marinen under «krigen mot terrorisme».
Gjøs brukt av den nederlandske marinen.

Gjøs (av nederlandsk geus)[1] er eit lite flagg ein fører i forstamnen av eit skip, vanlegvis når fartøyet ikkje er i fart eller når fartøyet er utsmykka for særlege høve. I militær samanheng fører orlogsfartøya i eit land ein offisiell fastsett gjøs, kalla orlogsgjøs. Denne kan vera identisk med orlogsflagget, men har gjerne mindre format, eller det kan vera eit heilt anna flagg. Handelsskip kan òg føra gjøs, då gjerne flagget til reiarlaget skipet tilhøyrar eller òg flagget til byen der skipet er registrert. Lystfartøy kan i enkelte tilfelle føra vimpelen for samskipnaden båten tilhøyrer som gjøs.

Orlogsgjøs i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg har orlogsgjøsen sidan 1905 vore ein kvadratisk og symmetrisk utgåve av det norske nasjonalflagget. Frå 1844 til 1905 var den norske orlogsgjøsen identisk med unionsmerket eller «sildesalaten», men med proporsjonane 4:5, som i svenske unionsflagg. I norske unionsflagg var unionsmerket kvadratisk. Det svenske sjøforsvaret nytta òg unionsmerket som gjøs på sine fartøy. Uniongjøsen var det einaste felles flagget for unionen mellom Sverige og Noreg, og det blei òg brukt av dei diplomatiske representasjonane for unionen i utlandet.

Orlogsgjøs i Norden[endre | endre wikiteksten]

Den danske marinen brukar ein mindre versjon av orlogsflagget som gjøs. Dette var òg gjøs for Danmark-Noreg før rika blei skilde i 1814. Sidan 1905 har den svenske marinen òg brukt ein mindre versjon av orlogsflagget som gjøs. I det finske sjøforsvaret er gjøsen kvadratisk kvit med eit raudt midtfelt der det finske riksvåpenet er plassert.

Orlogsgjøsar frå andre land[endre | endre wikiteksten]

  • Nederland sin orlogsgjøs består av triangel i nasjonalfargane.
  • Spania sin orlogsgjøs er ein variant av riksvåpenet, med dei fire hovudfelta for Castilla, Leon, Aragón og Navarra.
  • Italia fører ein orlogsgjøs beståande av merket frå orlogs- og handelsflagget, det vil seia merka for dei tradisjonelle sjøfartsbyane i landet.
  • Belgia sin orlogsgjøs er ein kvadratisk variant av nasjonalflagget. Romania sin orlogsgjøs er gjort på tilsvarande måte, men har to krosslagde kvite anker i feltet nærast stonga.
  • Kroatia sin orlogsgjøs har blått midtfelt med raud og kvit ramme rundt. På det blå feltet står riksvåpenet med to krosslagde gule anker bak.
  • Litauen sin orlogsgjøs er kvit med eit blått anker der det er lagd ei skive med nasjonalsymbolet, Gediminassøylene.
  • Portugal sin orlogsgjøs har riksvåpenet i midten av ein grønkanta raud duk.
  • Irland sin orlogsgjøs er grøn med ei gul harpe i midten.
  • Russland sin orlogsgjøs er kvit med ein smal kvit kross og over dette igjen ein noko breiare blå andreaskross. Nærskyldt denne forma er orlogsjgjøsane til Estland, Latvia og Bulgaria, som alle har liknande krossformer i dei respektive nasjonalfargane.
  • Canada sin orlogsgjøs er ein slag white ensign, det vil seia at han har nasjonalflagget i kantonen og emblemet til sjøforsvaret i blått i den frie enden av den kvite flaggduken.
  • Marokko sin orlogsgjøs er eit splittflagg beståande av ein raud duk innramma i gult og med eit gulkanta grønt pentagram i midten.
  • Indonesia sin orlogsgjøs består av ni striper i raudt og kvitt.
  • Kina sin orlogsgjøs er ein variant av orlogsflagget, med tillegg av blå og kvite striper langs nedre kant.
  • Sør-Korea fører blå orlogsgjøs med ein variant av nasjonalflagget i kantonen, utan dei fire symbola men med krosslagde svarte anker bak yin-yang-merket.
  • Thailand sin orlogsgjøs er som nasjonalflagget med tillegg av sjøforsvarsemblemet i gult.

Nokre land, som USA, Liberia og Taiwan, bruker ein del av nasjonalflagget som orlogsgjøs.

  • I USA er ein del av nasjonalflagget, kantonen med dei femti stjernene, nytta som gjøs i sjøforsvaret. Dette blei mellombels endra 31. mai 2002. Då blei eit historisk flagg, med tretten raude og kvite striper, ein slange og påskriften Don't tread on me («ikkje tråkk på meg»), beordra nytta som gaus så lenge USA sin krig mot terrorisme vara.
  • Taiwan sin orlogsgjøs er blå med sola i kvitt i midten.
  • Liberia og Chile sine orlogsgjøsar er begge blå med kvit stjerne i midten, tilsvarande felt frå nasjonalflagga.
  • Hellas sin orlogsgjøs er blå med kvit kross, slik òg merket i øvre hjørne ved stonga i nasjonalflagget er utforma.
  • Filippinane fører blå orlogsgjøs med stjernene og sola frå nasjonalflagget i gul farge.
  • Venezuela sin orlogsgjøs er òg blå og har eit kvitt anker med bua av stjerner over.
  • Brasil sin orlogsgjøs er òg blå, men har ein kross danna av stjerner.
  • Argentina sin orlogsgjøs består av eit kvitt felt, omgjeve av blå kant, og med sola i midten.

Orlogsgjøsane til nokre land er blå med emblemet til sjøforsvaret i duken. Det gjeld:

Følgjande land bruker orlogsflagget òg som orlogsgjøs:

Følgjande land bruker nasjonalflagget som orlogsgjøs:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Album des pavillons nationaux et des marques distinctives. National flags and distinctive markings, Service hydrographique et océanographique de la marine, Brest, 2000