Det donauske låglandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
██ Det donauske låglandet

Det donauske låglandet eller Donau-låglandet (slovakisk Podunajská nížina) er ein liten del av Den vesle ungarske sletta (slovakisk Malá dunajská kotlina) i Slovakia, mellom Donau, Dei vesle Karpatane og alle andre delar av Dei vestlege Karpatane.

Geomorfologisk dannar det eit samanhengande område i lag med Neusiedl-bekkenet (Neusiedler Becken) i Austerrike og Győr-bekkenet (Győri-medence) i Ungarn.

Låglandet er ei omfattande tektonisk senking fylt med lag frå neogen opp til ei høgd på mellom 100 og 350 meter.

Låglandet består av to område:

Mange urbane og andre busetnader ligg i dette området, som hovudsakleg er eit jordbruksområde. Byane Topoľčany, Nové Zámky, Komárno, Levice, Dunajská Streda og Galanta er administrasjonssenter. Dei er industrisenter og senter for handsaming av jordbruksprodukt (møller, bryggeri osb.). Gamle vinområde (Svätý Jur, Pezinok, Modra) og kurstader (Piešťany, Dudince) finst òg på låglandet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]