Det fijianske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Det fijianske riksvåpenet

Det fijanske riksvåpenet er ei avbilding av to tradisjonelle fijanske krigarar som held oppe eit våpenskjold med raud grunnfarge. Skjoldet er delt opp med fire kvite rammer som inneheld, kvar for seg; tre sukkerrøyr, ein kokosnøtt-palme, ei kvit due med ein olivenkvist i nebbet og ei bananklase. Dei kvite rammene på den raude bakgrunnen skapar ein krossform som kan minne om eit ståande engelsk flagg. Heile skjoldet vert bitta saman av ei kongeløve som er avbilda i skjoldtaket med ei skrella kokosnøtt mellom frampotane.

Våpenskjoldet til republikken Fiji har ikkje krone, men er krona med ein raudbrun- og sølvfarga krans under ein seglfesta kano med utliggarar på kvar side.

På begge sider av skjoldet står to tradisjonelt utsjåande fijanske krigarar. Den eine står i vaktposisjon med auga beint fram og eit spyd eller ei lanse oppover på skrå mot høgre framfor seg. Den andre kviler ei stridsklubbe eller -øks, truleg laga av ananastre, på venstre skulder, medan han ser i retning den andre krigaren; til høgre.

Heile skjoldet og dei to krigarane vert haldne oppe av eit banner med det fijanske riksmottoet påskrive; «Rere vaka na kalou ka doka na Tui», som tyder «Frykt Gud, gjer ære på monarken». Mottoet er truleg ei omsetjing av bibelsitatet «Fear God, Honour the King» (frå den engelske kong James-bibelomsetjinga).

Våpenmerket vart gjeve kolonien Fiji i kongeleg brev av 4. juli 1908, og stadfesta 30. september 1970.

Symbolikk[endre | endre wikiteksten]

Fredsdua var førkoloniell[endre | endre wikiteksten]

Fredsdua i ramma nede til venstre var hovudelementet i flagget til det fijanske kongedømet før den britiske kolonialiseringa, og var soleis ei vidareføring av fijansk tradisjon. Dua er likevel mest truleg henta frå vestleg (kristen) tradisjon, og seier kanskje meir om det tidlegare fijanske kongehuset si orientering mot europeisk kultur enn fleirslungen symbolikk i våpenet.