Ananas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ananas
Ananas
Ananas
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Bromeliaceae
Slekt: Ananas
Art: Ananas A. comosus
Vitskapleg namn
Ananas comosus

Ananas (Ananas comosus) er frukta frå ein vekst i ananasslekta i ananasfamilien. Veksten er opphavleg frå Brasil og Bolivia, men er dei siste fem hundreåra spreidd til andre verdsdelar og dyrka der. Namnet «ananas» kjem frå tupi-guarani anānā, anamá eller naná.[1][2]

Ananasen, som er ei rosettplante, trivst best i 25–30 grader og treng ca. 1000–1500 mm regn per år. Ananasplanta lever i cirka tre år. Når planta er 2–3 år ber ho frukt, sidan visnar ho og døyr. Ananasen har ein frukttype som kallast samansett frukt som er ein diaspore danna av ei stor mengde blomar rundt stamma.

Ananasfrukta vert i kosthaldet nytta i mellom anna dessertar, fruktsalatar, kjøtt- og fiskerettar, salatar og som pizzatopping.[3] For å kunne ete frukta må det taggete skalet og det treaktige partiet i midten, ananasstokken, skjerast vekk. Dette er grunnen til at konservert ananas i skiver ofte har form som ein relativt smal ring med eit stort hol i midten. Ananasfrukta kan vege over to kg. Kolibri er den vanlegaste pollinatøren av ananas.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Umberto Quattrocchi (1999), CRC World Dictionary of Plant Names, CRC Press, s. 129 
  2. «Ananas», Store norske leksikon, 26. desember 2015 
  3. Opplysningskontoret for frukt og grønt: Ananas, arkivert frå originalen 4. september 2014, henta 29. september 2014 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]