Det fyrste slaget på Re

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For slaget på Re i 1177, sjå Slaget på Re.
Det fyrste slaget på Re kan ha stått på jordene til Søndre Linnestad gard i Re nordvest for Tønsberg.

Det fyrste slaget på Re stod i 1163 og var det fyrste av to slag på Re i Vestfold i mellomalderen. Slaget stod mellom Erling Skakke på vegner av sonen kong Magnus Erlingsson, og Sigurd Hallvardsson på vegner av kongsemnet Sigurd Markusfostre. Slaget endte med siger for mennene til Erling Skakke, og hærføraren Sigurd og seksti andre menn falt.

Slaget er skildra i Magnus Erlingssons saga i Heimskringla.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Soga um Magnus Erlingsson, kap. 12-14

Litteratur[endre | endre wikiteksten]