Steinar Schjøtt
| Steinar Schjøtt | |||
![]() | |||
| Fødd | 13. november 1844 Telemark fylke | ||
|---|---|---|---|
| Død | 11. januar 1920 | ||
| Nasjonalitet | Noreg | ||
| Yrke | leksikograf, lingvist, filolog, omsetjar, historikar | ||
Steinar (Johannes Stenersen) Schjøtt (13. november 1844–11. januar 1920) var ein norsk ordbokredaktør, omsetjar, målmann og statsstipendiat. Han er mest kjend for omsetjinga av Heimskringla til nynorsk, utgjeven 1874–79.
Steinar Schjøtt var presteson fødd i Porsgrunn. Han tok latinartium i Skien 1862 og vart cand.philol. i 1870. Han var lærar ved Heltbergs studentfabrikk, så i Levanger og Kristiansand. Frå 1874 til 1893 var han lærar i Fredrikshald, så i Skien. Schjøtt vart statsstipendiat i 1909, men alt frå 1899 var han frikjøpt frå lærarstillinga for å kunne bruke tid på ordboksarbeidet, busett i Oslo.
Han var tidleg aktiv som skribent i og redaktør av ulike måltidsskrift, og skreiv ei Noregshistorie til skulebruk. Omsetjinga av Heimskringla var i førstninga omstridd fordi Schjøtt valde ein annan landsmålsnormal enn Aasen. I ettertid har til dømes Kjell Venås vurdert det som at
- Det mest gjennomtenkte, folkemålsnære og stilreine tidlege alternativet til Aasen-norma kom frå Schjøtt.
Frå 1899 arbeidde han med Dansk-norsk ordbog. Boka kom ut i 1909, med danske/riksmålske oppslagsord og nynorske definisjonar. Boka vart følgd av Norsk ordbok, med ordtyding paa norsk-dansk i 1914. Schjøtt busette seg frå 1915 i Asker, som nabo av Hulda og Arne Garborg. Garborgs Knudaheibrev er stila til Schjøtt. Han hjelpte Garborg med å omsetje Odysseen til landsmål.
Verk
[endre | endre wikiteksten]- Heimskringla. 1874-79
- Norigs soga, til heimbruk og bruk for lærarar. 1879
- Lærebok i heimssoga : til bruk fyr seminar. 1899
- Dansk-norsk ordbog. 1909
- Norsk ordbok, med ordtyding paa norsk-dansk. 1914
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Kjell Venås. «Steinar Schjøtt» I: Norsk biografisk leksikon
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Steinar Schjøtt» frå Wikipedia på bokmål, den 24. desember 2008.
.
