Hopp til innhald

Det kommunistiske manifestet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det kommunistiske manifestet
Das Kommunistische Manifest

Forfattar(ar)Karl Marx, Friedrich Engels
Språktysk
Sjangerpolitisk manifest
Utgjeven21. februar 1848
Sider23

Det kommunistiske manifestet (originalt Det kommunistiske partis manifest, frå tysk Manifest der Kommunistischen Partei) er eit agitasjonskriv og politisk manifest frå Karl Marx og Friedrich Engels utgjeven i februar 1848, og er eit av dei mest namngjetne politiske skrifta i verda og verdshistoria.

Skrivet tek for seg historieteori og kapitalismekritikk, kritikk av annan sosialistisk litteratur og eit program og ein strategi for «kommunistane».

Fleire av formuleringane i manifestet er blitt historisk namngjetne i seg sjølve, som: «Arbeidarar i alle land, samein dykk!».

Skildring og historie

[endre | endre wikiteksten]

I 1847 ba Kommunistforbundet (tysk Bund der Kommunisten) Marx og Engels å laga eit handfast manifest dei kunne arbeida etter.[1]

Manifestet vart fyrst publisert anonymt i London på tysk i februar 1848.[2] Skrivet vart ferdig berre dagar før utbrytinga av Februarrevolusjonen, men hadde liten tilknytning til han. Marx vart som konsekvens utvist frå Belgia, der han var busatt.[1]

Nemninga «kommunist» hadde ikkje same tyding i 1840-åra som ho fekk etter den russiske revolusjonen. Marxisme-leninisme, som ofte berre vert kalla kommunisme, utvikla seg seinare og avviker frå ortodoks marxisme. Marx sin kommunisme kan difor ikkje samanliknast direkte med etterfylgjarar som har forsøkt å ta eigarskap til hans namn.[3]

Skrivet er både eit manifest og ein politisk appell, og har fire delar. Den fyrste delen handlar om førehaldet mellom borgarskapet og proletariatet, den andre delen handlar om proletariatet og kommunismen, mens den tredje delen viser til annan sosialistisk litteratur og den fjerde delen skildrar førehaldet til andre politiske parti.[4]

Manifestet vart først utgjeve på bokmål i 1918 og så på nynorsk i 1921. Den nynorske omsetinga var av August Bosse, og begge vart utgjevne av Det norske Arbeiderpartis forlag.[5]

Den nynorske omsetjinga kom i ny utgåve i 2014 på Marxist Forlag.[6]

  1. 1 2 Yngvar Ustvedt (1976). Karl Marx. Tiden Norsk Forlag. s. 23-29. ISBN 8210011618.
  2. Haig A. Bosmajian. A rhetorical approach to the communist manifesto.
  3. Francis Wheen (2001). Karl Marx. Oslo: Pax Forlag. ISBN 8253023286.
  4. Lorenz, Einhart (1974), Arbeiderbevegelsens historie , en innføring: norsk sosialisme i internasjonalt perspektiv... / Einhart Lorenz. _ 1974, Pax bok (Annet oplag utg.), Pax Borgen i kommisjon, s. 44–47, ISBN 978-82-530-0459-4, henta 1. april 2026
  5. Fjeld, Anders (22. februar 2025). «Det kommunistiske manifest». Store norske leksikon (på norsk).
  6. «Det kommunistiske manifestet», Marxist forlag (på norsk), henta 1. april 2026

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]