Det lybske myntsystemet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Det lybske myntsystemet, Lübische Mark eller Lübsche Mark (latin: Marca Lubicensis) hadde utgangspunkt i hansabyen Lübeck. Lybsk myntrekning spelte ei stor rolle i Nord-Europa i seinmellomalderen og fram mot slutten av 1500-talet. Systemet bygde på sølvmyntfot , og hadde opphavleg utgangspunkt i ei kølnsk mark, som i dagens mål veg 233,85 g. Med tida vart lybsk mynt slått med stadig lågare sølvinnhald, slik at sølvmengda i ei mark pengar omkring år 1500 var 1/13 jamført med sølvinnhaldet i ei kølnsk mark finsølv.[1]

Den lybske sølvmarka var inndelt slik at ei mark = 16 skilling a 12 penningar; det gjekk altså 192 penningar på ei mark.

I Danmark vart det lybske myntsystemet innført omkring år 1400, i Noreg like før år 1500, i kong Hans si regjeringstid.[2] Forordning 12. januar 1582 (godkjend for Noreg 1. august 1589) oppgav definitivt tilknytinga til det lybske myntsystemet; i staden vart det innført eit myntsystem som bygde på dalaren. Mark som teljeeining for 16 skilling vart likevel bruka fram til 1813.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]