Dalar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dalar var opphavleg sølvmyntar prega i Joachimsthal i Böhmen, med verdi jambyrdig med rhinsk gylden.

Dei første joachimstalarane vart prega i 1519, og snart vart liknande mynt prega over heile Europa. Dalar frå Austerrike, Tyskland og Nederland vart mykje bruka i Danmark-Noreg, og i 1537 vart det for første gong slått Joachimsdalarar i Danmarl. Frå 1544 vart riksdalar species utgangspunktet for myntsystemet i riket. Den første norske dalaren vart prega i 1546 under Kristian III av Danmark-NoregGimsøy kloster ved Skien. Riksdalaren vart bruka i Danmark-Noreg heilt til riksbankdalaren vart innført i 1813.

Dalaren vart ein populær mynt, og fekk si form i mange eurpeiske land: (Tyskland: Taler; Holland: Daler, seinare Daalder; Portugal: Dolera; England/USA: Dollar; Tsjekkia: Tolar; Slovenia: Tolar; Kviterussland: Талер, Таляр)

Norsk dalar[endre | endre wikiteksten]

Om norske dalarar, sjå riksdalar (1514-1813), riksbankdalar (1813-1816) og spesidalar (1816-1875).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]