Det norske forbundet av 1948

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det norske forbundet av 1948 (forkorta DNF-48) vart danna i 1953 som ein organisasjon som jobba for interessene til homofile. Organisasjonen vart nedlagt i 1992 då han gjekk saman med ei rekke andre organisasjonar for homofile og danna Landsforeininga for lesbisk og homofil frigjering (LLH).

Det danske Forbundet af 1948 vart i 1948 den første nordiske organisasjonen for homoseksuelle. I 1949 oppretta det kontakt med to norske kontaktpersonar. 20. mai 1950 vart det halde eit konstituerande møte i Oslo for den første norske samanslutninga for homofile. Namnet vart «Forbundet av 1948 - Norsk seksjon av det Danske Forbundet af 1948», med Rolf Løvaas som formann.

I 1951 fekk forbundet trykt ein brosjyre (Hva vi vil) som lanserte omgrepet «homofili» på norsk, og som argumenterte mot rådande oppfatningar som at homoseksualitet var eit brotsverk, ein sjukdom, ein perversitet, ein tillært eigenskap etc. Bruken av omgrepet homofili istadenfor «homoseksualitet» var eit ledd i ein strategi for å omdefinera fenomenet frå noko som var knytt til seksualitet i snever forstand til noko som omhandla romantisk kjærleik, ein strategi som kjenneteikna dei fleste av dei såkalle «homofile rørslene» i etterkrigstida.

I 1953 blei nye vedtekter vedtekne, den norske avdelinga blei til ein sjølvstendig organisasjon og fekk namnet Det norske forbundet av 1948 (DNF-48).

Paragraf 213 i straffelova[endre | endre wikiteksten]

DNF-48 arbeida alt på 1950-talet for oppheving av straffelovas § 213 som straffa seksuelle handlingar mellom menn i tilfelle der «almene hensyn» tilsa det. Sjølv om paragrafen sjeldan vart nytta, hadde han ein stigmatiserande effekt. I 1954 kom Straffelovrådet med ei innstilling om endring i paragrafen som i praksis ville medføra hyppigare pådømming, i tillegg til eit forslag til ein ny paragraf som ville innebera restriksjonar på verksemda til DNF-48. Forslaga vart ikkje vedtekne, men var med på å umogleggjera vidare arbeid for oppheving av §213.

Først frå midten av 60-talet vart vilkåra for forbundets arbeid betre. I 1965 var forbundet representert i eit radioprogram i NRK som omhandla homofili, og Studentersamfunnet i Oslo haldt ein debatt om temaet der ein homofil var representert. I slutten av tiåret førte også organisasjonen ein meir offensiv politikk, med Karen-Christine (Kim) Friele, som seinare i ei årrekke var generalsekretær, i spissen. På byrjinga av 70-talet starta ei massiv lobbyverksemd retta mot stortingsrepresentantane, noko som førte til opphevinga av § 213 i straffelova i 1972.

1970-talet[endre | endre wikiteksten]

Ein annan siger for organisasjonen på 1970-talet var opphevinga av homoseksualitet som sjukdomsdiagnose av Norsk Psykiatrisk Forening i 1977. Sosialdepartementet følgde opp med å fjerna diagnosen først i 1982.

På 1970-talet kom ein ny generasjon inn i organisasjonen, og det å stå ope fram som homofil og lesbisk blei ein viktig del av aktivismen. Samtidig førte tiåret med seg ei splitting av organisasjonen, gjennom danninga av Fellesrådet for homofile organisasjonar (FHO). Dette var m.a. eit resultat av omfattande eksklusjonar frå DNF-48, som i hovudsak ramma yngre, radikale personar til dels med tilknytting til AKP(ml).

I 1981 blei seksuell legning integrert i den såkalla «antidiskrimineringsparagrafen» i straffelova.

I 1992 vart LLH danna ved at DNF-48 gjekk saman med FHO. Dette medførte at DNF-48 vart oppløyst.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]