Dialogus de musica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Dialogus de musica er eit musikkteoretisk verk frå om lag 1000 eller noko før. Forfattaren av verket var lenge rekna for å vera Odo av Arezzo, men denne påstanden er trekt i tvil, slik at forfattaren i dag ofte er omtala som Pseudo-Odo. Nokre gjev Odo av Cluny æra for dette verket.

Verket tek føre seg oppbygginga av ein skala, demonstrert gjennom oppdeling av strengen på eit monokord. Slik får ein ein skala på åtte tonar, rekna frå gamut, etter det greske teiknet gamma, altså g. Deretter set ein gjennom utrekning og oppdeling opp ein skala frå A og vidare opp til G. Denne prosessen blir så teken oppatt, slik at ein sistpå har to heile skalaer:

Gamut, A, B, C, D, E, F, G, a, b, b, c, d, e, f, g, aa.

Forfattaren noterer her at det er to verdiar av «vesle b» i andre oktav (opphavet til skillet mellom B og H i moderne teori). Dialogus set og opp ei liste over dei åtte hovudmodalitetane (kyrkjetoneartane).

Ein kan merke seg at inndeling av skalaen her er skyldt den praktiske løysinga ein finn på ein norsk langeleik.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]