Monokord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Monokord
Monocordio20060327.png
Klassifisering simple chordophone
Hornbostel-Sachs klassifisering 314.122

Monokord er i utgangspunktet eit musikkinstrument med ein streng. Strengen er spent over ein resonanskasse og har ein rørbar stol til regulering av den klingande strengelengda. Monokorden var eit viktig instrument for pythagorearane i antikken når dei undersøkte taltilhøva i musikken. Dei kalla instrumentet kanon, som tyder 'regel, rettesnor'.

Monokordet hadde ei viktig rolle i musikkteori og -undervising fram til 1800-talet. Det haldt på namnet sjølv etter at ein la til fleire strengar, og er rekna som ein forløpar til klavikordet.

Ein finn monokord-instrument i mange utformingar i ulike kulturar, frå den kinesiske erhuen til enklare utgåver. I ulike frmer kan instrumentet brukast både til klimpring og som strykeinstrument.

Ein kan laga eit heimelaga monokord ved hjelp av til dømes ein (sigar)boks som resonanskasse på eit kosteskaft. Ein kjend variant i folkemusikk-samanheng bruker ein vaskebalje av sink som bass-resonanskasse og hellinga på kosteskaftet for å variera tonehøgd/straming av strengen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]