Diana Gansky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Diana Gansky
Bundesarchiv Bild 183-1987-0611-042, Diana Gansky.jpg
Fødd 14. desember 1963 (57 år)
Bergen auf Rügen
Yrke friidrettsutøvar
Diana Gansky på Commons

Diana Gansky, fødd Diana Sachse, (fødd 14. desember 1963) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Bergen auf Rügen i Mecklenburg-Vorpommern som representerte Aust-Tyskland. Ho vart europameister i diskoskasting i 1986, og fekk sølvmedaljar i øvingar under VM 1987 og OL 1988.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Diana Sachse vann diskosøvinga ved junior-EM 1981. Dei neste åra stod ho skuggen av dei sterke austtyske diskoskastarane, men ved EM i friidrett 1986 i Stuttgart slengde ho diskosen 71,36 m i siste omgang og vann ein klar siger framom Tsvetanka Khristova frå Bulgaria.

Sommaren 1987 sette Diana Gansky austtysk rekord med 74,08 m i Karl-Marx-Stadt, hennar livs lengste kast. Under friidretts-VM i Roma seinare i 1987-sesongen vart ho sølvmedaljar i øvinga med 70,12 m, halvannan meter bak landskvinna Martina Hellmann. Også under sommarleikane 1988 i Seoul stod Diana Gansky på sølvplassen etter diskostevlinga var over, også då med Martina Hellmann øvst på sigerspallen; 71,88 meter mot 72,30 m.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]