Tsvetanka Khristova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tsvetanka Khristova
Statsborgarskap Bulgaria
Fødd 14. mars 1962
Kazanlak
Død

14. november 2008
Kazanlak

Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Tsvetanka Khristova (bulgarsk: Цветанка Христова) (14. mars 196214. november 2008) var ein bulgarsk diskoskastar som vart verdsmeister i 1991 og europameister i 1982. Dessutan vann ho sølvmedaljar i diskosøvinga under EM 1986 og OL 1992, samt bronsemedaljar i VM 1987 og OL 1988. I 1993 vart ho dømd for doping.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Khristova steig rett inn i verdseliten i diskoskasting. Berre 20 år gammal vann ho EM-gull under friidretts-EM 1982 i Aten med eit kast på 68,34 m. I den neste europameisterskapen, EM 1986 i Stuttgart tok ho sølvmedaljen, etter å ha slengd diskosen 69,52 m avgarde.

Den 14. april 1987 sette Khristova bulgarsk rekord heime i Kasanlak; 73,22 m er framleis (2015) nasjonal diskosrekord for kvinner. Både frå VM i friidrett 1987 i Roma og frå dei olympiske leikane 1988 i Seoul kom ho heim med bronsemedaljar.

I 1991 vann Khristova gullmedaljen under verdsmeisterskapen i Tokyo, vinnarkastet målte 71,02 meter. Året etter fekk ho sølvmedaljen under sommarleikane i Barcelona, over to meter bakom Maritza Martén frå Cuba.

Khristova vart i 1993 utestengd frå friidrettstevlingar av Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) for brot på dopingvedteketene.

42 år gammal deltok Khristova i 2004 i dei olympiske leikane i Aten, og enda sist av dei som fekk godkjent kast i kvalifiseringa. Sidan arbeidde ho som trenar.

Khristova døydde av kreft på heimstaden Kasanlak i 2008, 46 år gammal.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]