Didier Dinart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Didier Dinart


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 18. januar 1977 (47 år)
Pointe-à-Pitre
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Utmerkingar

Ridder av Æreslegionen, offiser av Den nasjonale fortjenstorden

Didier Dinart (fødd 18. januar 1977) er ein fransk handballtrenar og tidlegare-spelar, fødd på øya Guadeloupe i Karibia. Han er trefaldig verdsmeister, to gongar olympisk meister og like mange gongar europameister med det franske landslaget. I perioden 1996-2013 deltok han i 379 landskampar for Frankrike og skåra 162 mål. På klubbnivå vann han EHF-meisterligaen for Montpellier og tre gongar for spanske Ciudad Real. Han er elles fransk meister for Montpellier og for PSG, samt spansk meister for Ciudad Real. Dinart var linjespelar.

Perioden 2016-2020 var han landslagssjef for Frankrike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne idrettsartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.