Die Dame

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tittelblad av Janina Dłuska (utan dato)

Die Dame var eit tysk illustrert dameblad som kom ut i Berlin frå 1911 til 1943.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bladet bygde på Illustrierte Frauen-Zeitung, som var blitt gjeve ut av Lipperheide-Verlag frå 1874. Ullstein Verlag kjøpte dette bladet fordi dei fem sønene til forlagsgrunnleggjaren Leopold Ullstein innsåg at det ikkje hadde noko tilbod for kvinner, sjølv om denne gruppa var kundar med middel. Bladet blei lansert under det nye namnet Die Dame i desember 1911.

Die Dame etablerte seg som eit glamorøst vekeblad som tok for seg kultur, samfunn og mote. Moteredaktørar som Elsa Herzog, Johanna Thal, Stephanie Kaul og Lily von Nagy vektla ein stil som ikkje bygde på opphav eller rikdom, men på individuell eleganse og smak og som representerte den nye kvinna (Neue Frau) under Weimarrepublikken.[1] Ein eller to gonger i månaden inneheldt det litteraturmagasinet Die losen Blätter. Kunstnarar og forfattarar som George Grosz, Bertolt Brecht, Hannah Höch og Max Pechstein bidrog til bladet, som også hadde tekstar av Kurt Tucholsky, Carl Zuckmayer, Ringelnatz og Klabund. Arthur Schnitzler gav ut si Traumnovelle her for første gong, og forfattaren Vicki Baum var med i redekasjonen fram til ho emigrerte.

Under nazistane blei bladet ekspropriert og arianisert. I 1943 stoppa utgjevinga av bladet på grunn av krigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Mila Ganeva: Women in Weimar Fashion. Discourses and Displays in German Culture, 1918-1933, Camden House, Rochester-New York 2008, ISBN 9781571132055, S. 40