Bertolt Brecht

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bertolt Brecht

Pseudonym Bertolt Brecht, Berthold Larsen
Statsborgarskap Det tyske keisardømet, Den tyske demokratiske republikken, Weimarrepublikken, Austerrike
Fødd 10. februar 1898
Augsburg
Død

14. august 1956 (58 år)
Aust-Berlin

Yrke skodespelforfattar, songtekstforfattar, manusforfattar, sceneinstruktør, lyrikar, librettist, litteraturkritikar, skribent, filmregissør, regissør
Politisk parti Unabhängige Sozialdemokratische Partei Deutschlands
Medlem av Akademie der Künste Berlin, Akademie der Künste der DDR
Religion ateisme
Ektefelle Marianne Zoff, Helene Weigel
Born Stefan Brecht, Hanne Hiob, Barbara Brecht-Schall, Michel Berlau, Frank Banholzer
Signatur
Bertolt Brecht på Commons

Bertolt Brecht (eigentleg Eugen Berthold Friedrich Brecht; (10. februar 189814. august 1956) var ein av de mest innflytelsesrike tyske dramatikarane og poetane i det 20. hundreåret. Han vart fødd i Augsburg, og flytta seinare til Berlin, der han fekk sansen for moderne teater. Han døydde i Berlin.

Brecht skreiv mellom anna teksten til den vidgjetne musikalen «Tolvskillingsoperaen» (Dreigroschenoper), og er særleg kjend for skodespel som Mor Courage og borna hennar (Mutter Courage und ihre Kinder) og Det gode menneske fra Sezuan (Der Gute Mensch von Sezuan). Han utvikla ein ny teaterteknikk kalla episk teater (Episches Theater).

I 1933 måtte han rømme landet på grunn av nazistane si maktovertaking, og byrja ein lang periode i eksil i Danmark, Finland, Storbritannia og til slutt USA. Etter at den andre verdskrigen var over, flytta han først til Sveits, og søkte om innreiseløyve til Vest-Tyskland, men vart han nekta på grunn av dei kommunistiske sympatiane hans. Difor drog han til DDR, der han kritiserte regimet etter junioppstanden den 17. juni 1953 med sin «Buckower Elegien». Han skipa og dreiv teatret Berliner Ensemble i Aust-Berlin, der hans viktigaste medarbeidar var skodespelaren og kona hans Helene Weigel, som spelte Mutter Courage i dei mange framsyningane av skodespelet Mutter Courage und ihre Kinder.

Framandgjering - Verfremdungseffekten[endre | endre wikiteksten]

Brecht skreiv ikkje berre drama, men òg anna skjønnlitterær prosa, og var dessutan regissør. Som sterkt venstreorientert mann var han oppteken av å vise at framsyninga skal vere såkalla lærestykke med politisk innhald. Han var ein teatermann, og den fysiske kontakten hans med scena har hatt mykje å seie for oppbygginga av stykka hans og framføringa av dei på scena. Verfremdungseffekten, noko som nærmar seg Skjlovkijs underleggjeringsprinsipp, er eit virkelmiddel han brukte for å fremme bodskapen i stykka. Meininga var å fremme den politiske bodskapen ved å skape illusjonsbrot. Dersom publikum levde seg inn i personane og lét kjenslene ta over for heilskapen lærte dei ingenting, og difor skapte han ulike utradisjonelle verkemiddel som bryt med konvensjonane frå det klassiske dramaet. Tidsforløpet i stykka kunne strekkje seg over ti år. Slik vart det uråd å ta med anna enn det som var heilt naudsynt. Publikum blir røska ut av illusjonen og bruker tid på å hente seg inn etter eit tidshopp. Han hadde sceneskift for opa scene der scenearbeidarane kom inn på scena og gjorde endringar framfor auga til tilskodarane. Slik skapte han eit brot samtidig som han viste at òg scenearbeidarar speler ei viktig rolle i framføringa av eit stykke.

Les du eit Brecht-stykke ser du at all handling i komande scene er avslørt før den tar til. Dette er for å trekkje merksemda til lesaren bort frå spaninga over kva som kan kome til å hende. Slik kan han/ho konsentrere seg om bodskapen. På framsyningar blir dette løyst ved at teksten blir vist på store plakatar framfor publikum.

Brechts metode blir ofte kalla episk drama. Dette er ei motseiing, og blir derfor eit viktig verkemiddel. Der andre dramatikarar ville vist kampscena på scena føretrekkjer Brecht at ein av aktørane fortel kva som har hendt i ettertid av hendinga. Her skjer det ofte at ulike personar trer inn i rolla si etterkvart som dei blir nemnde og seier sine eigne replikkar som om dette skjer no.

Asides førekjem når ein person vender seg til publikum for å vinne deira gunst. Det er ikkje alle som kan ha asides så dette er eit godt politisk verkemiddel for å vinne sympati. Eit eksempel er i stykkja Moren, der Pelagea Vlassova (mora) skal inn på fabrikkområdet til sonen med ei korg med løpesetlar og må lure seg inn forbi vakta. Ho bruker ironi og satire og håper han ikkje finn løpesetlane.

Brecht tek koret frå det antikke dramaet attende, men her representerer dei ikkje den allmenne meininga. Dei fungerer som rådgjevarar. Dei viser at handling er viktig, og at det er mogeleg å endre verda. Personane syng sjølv òg, men ikkje slik vi umiddelbart tenkjer. Rytmikk og driv var viktig, og songen vart meir talesong. Hensikten var ikkje å få det pent, men å fremme ein bodskap. Viktig var det òg at publikum ikkje fekk sympati med personane. Difor hamnar dei ofte i dumdristige situasjonar når det eigentleg er blodig alvor, slik at vi kan le i staden for å gje dei gudestatus. Det er ikkje personane som er fokuset, det er bodskapen, og dei skal ikkje stele merksemda frå det publikum skal lære.

Hensikten var at publikum skulle ta til seg kunnskapen og bruke den sjølv i livet sitt.

Nokre verk[endre | endre wikiteksten]

  • Baal, 1918/1926
  • Tolvskillingsoperaen (Dreigroschenoper), 1928
  • Mor Courage og borna hennar (Mutter Courage und ihre Kinder), 1939/1941
  • Galileo (Leben des Galilei), 1938/1943
  • Trommer i natten (Trommeln in der Nacht), 1918-20
  • Forretningene til Herr Julius Caesar (Die Geschäfte des Herrn Julius Caesar)
  • Det gode menneske fra Sezuan (Der Gute Mensch von Sezuan), 1940/1943)
  • Den kaukasiske krittringen (Der kaukasische Kreidekreis), (1944-45)
  • Om tidens teater (Schriften zum Theater). Gyldendal, København 1966.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bertolt Brecht
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.