Hopp til innhald

DigitaltMuseum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
DigitaltMuseum

Type nettstadKatalog
Tilgjengeleg påbokmål, nynorsk, engelsk, svensk
Grunnlagd2009
Nettstaddigitaltmuseum.org
KommersieltNei
StatusOperativ
Eit av mange objekt frå DigitaltMuseum: Bartekopp frå Porsgrunds Porselænsfabrik frå ca. 1908.

DigitaltMuseum er ein felles database over samlingar i norske og svenske kunst- og kulturhistoriske museum. Tenesta vart skipa i 2009. Databasen vert utvikla og driven av KulturIT, som er eigd av Maihaugen og Norsk Folkemuseum, og mottek støtte frå Norsk kulturråd, tidlegare ABM-utvikling. Målet med DigitaltMuseum er at musea sine samlingar skal vere lett tilgjengelege for alle interesserte, uavhengig av tid og stad.

Per juni 2025 var om lag 5 350 000 fotografi og 4 000 000 gjenstandar frå 347 museum og 400 samlingar tilgjengelege på nettstaden til DigitaltMuseum.[1]

  1. «DigitaltMuseum», digitaltmuseum.org, henta 13. juni 2025

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: DigitaltMuseum