Digora
Utsjånad
| Digora | |||
| Дигора | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Nord-Ossetia | ||
| Høgd | 450 m | ||
| Areal | 9 km² | ||
| Folketal | 9 994 (2023) | ||
| Grunnlagd | 1852 | ||
| • Bystatus | 1964 | ||
| Postnummer | 363410 | ||
| Retningsnummer | +7 86733 | ||
![]() Digora 43°09′32″N 44°09′26″E / 43.158916666667°N 44.157333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Digora | |||
Digora (russisk Дигора́, ossetisk Дигорæ) er ein by i Republikken Nord-Ossetia i Russland med om lag 10 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Ursdon, ei sideelv til Terek, rundt 50 km vest for Vladikavkaz.
Han vart grunnlagd i 1852 som ein aul (festningslandsby) kalla Volno-Khristianovskij (russisk: Во́льно-Христиа́новский). Han vart seinare ein vanleg landsby (selo) og endra namn til Novokhristianovskoje (russisk: Новохристиа́новское) og seinare Khristianovskoje (russisk: Христиа́новское). I 1934 fekk han det noverande namnet sitt og i 1964 fekk han bystatus.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Digora» frå Wikipedia på bokmål, den 20. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
