Dim Çayı

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dim Çayı
elv
Land  Tyrkia
Kart
Dim Çayı
36°33′9″ N 32°11′16″ E
Wikimedia Commons: Dim River
Dim Çayı

Dim Çayı er ei elv i Tyrkia i distriktet Alanya i provinsen Antalya. Ho spring ut frå høglandet i provinsen Konya, og er kring 60 km lang. Ho renn vestover og munnar ut i Middelhavet.

Elva er eit populært turistmål med den vide Dim Çayi-dalen der ein finn mange restaurantar og turistfasilitetar. Vatnet i elva er kaldt, og heile dalen er generelt meir temperert enn resten av Tyrkia.

I 2007 stod Dimdammen ferdig, utbygd som drikkevasskjelde for Alanya og for utnytting av vasskraft.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 36°33′9″N 32°11′16″E