Alanya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alanya
by
Alanya sentrum og hamn
Land  Tyrkia
Region Middelhavsregionen
Provins Antalya
Høgd 0–250 moh.
Koordinatar 36°33′N 32°00′E
Areal 1 582 km²
Folketal 98 627
Folketettleik 62 / km²
Grunnlagd 1872
Borgarmeister Adem Murat Yücel
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 07400
Retningsnummer (0090)+ 242
Bilnummer 07
Kart
Alanya
36°32′37″ N 31°59′59″ E
Wikimedia Commons: Alanya
Nettstad: www.alanya.bel.tr

Alanya, tidlegare Alaiye, er ein ferieby og eit distrikt i provinsen Antalya i Middelhavsregionen i Tyrkia, 166 km frå byen Antalya. Byen ligg ved sørkysten av Tyrkia og har kring 100 000 innbyggjarar (2010).[1]

På grunn av den naturlege strategiske plasseringa på ei lita halvøy i Middelhavet ved Taurusfjella, og har vore ein lokal skanse for mange rike i Middelhavet, som ptolemaiske, Selevkide, romarane, austromarane og Det osmanske riket. Alanya hadde størst politisk innverknad i mellomalderen under Rum-sultanatet som vart styrt av Alaeddin Kayqubad I, og som byen har fått namnet sitt etter.

Den varme middelhavsklimaet, naturen og dei historiske monumenta har gjort Alanya til eit populært turistmål og står for 9 % av turistsektoren i Tyrkia og tretti prosent av utanlandsk kjøp av eigedom i Tyrkia. Turismen har auka sidan 1958 og vorte den dominerande næringa i byen.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Byen har skifta nasjonalitet mange gonger oppgjennom historia og namnet har reflektert dette. Alanya var kjent på latin som Coracesium eller på gresk som Korakesion frå luvisk Korakassa som tyder «punkt/utstående byen». Under Det bysantinske riket var byen kjent som Kalonoros eller Kalon Oros, som tyder «vakkert fjell» på gresk. Seldsjukkane døypte om byen til Alaiye (علاعية), ei omskriving av namnet til sultan Alaeddin Kayqubad I. På 1200- og 1300-talet, kalla italienske handelsmenn byen for Candelore eller Cardelloro. Under vitjinga si i 1935, sluttførte Mustafa Kemal Atatürk namnet i det nye alfabetet som Alanya, endra 'i' og 'e' i Alaiye, visstnok på grunn av ei feilstaving i eit telegram i 1933.[2][3]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Regnboge over Alanya

Alanya har eit typisk middelhavsklima.

Vêrdata for Alanya
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 16,2 16,3 18,3 21,1 24,7 28,7 31,5 32 30,2 26,5 21,6 17,7 23,7
Døgnmiddeltemperatur °C 11,8 11,9 13,8 16,9 20,9 25 27,7 27,9 25,4 21,3 16,5 13,2 19,4
Gjennomsnittleg min °C 8,6 8,4 10,1 13 16,7 20,4 23,3 23,6 21,2 17,4 13 10 15,5
Gjennomsnittleg nedbør mm 199,6 148,7 98,6 65,5 33,7 9,9 10 5,7 19,1 98,6 187,6 231,5 1 108,5
Gns. luftfukt (%) 57 57 61 63 66 66 64 65 58 55 59 60 61
Gns. solskinstimar i månaden 130,2 131,6 198,4 231 300,7 330 337,9 322,4 279 223,2 168 136,4 2 788,8
Kjelde: Turkish State Meteorological Service [4]Weather2 [5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Statistical Institute page for Antalya». Address Based Population Registration System (ABPRS) Database. Turkish Statistical Institute. 2011. Henta august 24, 2011. [daud lenkje]
  2. Yetkin, Haşim (1990). Dünden Bugüne Alanya. Antalya: Yetkin Dağitim. Arkivert frå originalen 13. mai 2008. Henta 25. august 2012. 
  3. «Alaiye's Becoming Alanya». Alanyanın Web Sitesi. 2008. Arkivert frå originalen 29. juli 2010. Henta 25. august 2012. 
  4. http://www.dmi.gov.tr/veridegerlendirme/il-ve-ilceler-istatistik.aspx?m=ALANYA
  5. http://www.myweather2.com/City-Town/Turkey/Alanya/Klima-profile.aspx?month=7

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Alanya frå Wikivoyage