Dirat at Tulul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dirat at Tulul
fjell
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Rif Dimashq guvernement

Dirat at Tulul (arabisk ديرة التلول, Dirat at Tulūl), arabisk for Åslandet, òg lokalt kalla Diret el Tlūllevantinsk arabisk er eit lavaområde sør i Syria. Det ligg 65 kilometer aust for Damaskus, i den sentrale delen av det administrative distriktet Muhafazat Rif Dimashq.

Geologi og klima[endre | endre wikiteksten]

Dirat at Tulul dannar den nordlegaste delen av det massive alkaline lavasletta Harrat Ash Shamah. I sør grensar det til lavasletta Es Safa, ein annan del av det store lavaområdet Harrat Ash Shamah. Dirat at Tulul dannar òg den vestlege delen av den syriske steppa kalla Badiyat Ash Sham.

Dirat at Tulul består av meir enn 32 sinderkjegler, kalla Tell (arabisk for ås).

denne regionen får mellom 100-200 mm nedbør kvart år og er tynt folkesett på grunn av det tørre og steinete terrenget. Det vert nytta for beitemark av nomadiske og halvnomadiske beduinar.

Vulkankjegler i Dirat at Tulul[endre | endre wikiteksten]

  • Tell ‘Ājer (Tell Aajer) 979 m.
  • Tell Daqwa (Tell Daqwa) 945 m.
  • Tell Um ‘Otek (Tell Um Otek) 935 m.
  • Tell Ja’afar (Tell Jaafar) 910 m.
  • Tell Um Msaraje (Tell Um Masarja) 906 m.
  • Tell Um el Meza (Tell Um el Meza) 889 m.
  • Tell Wasţāni (Tell Wastani) 889 m.
  • Tell Šimāli (Tell Shimali) 884 m.
  • Tell Ħuēmel (Tell Hweimel) 879 m
  • Tell As Skhāna (Tell As Skhana) 879 m.
  • Tell Qebli (Tell Qebli) 879 m.
  • Tell El Matalla (Tell El Matalla) 875 m.
  • Tell Abū Şafā (Tell Abu Safa) 870 m.
  • Tell Šayabe (Tell Shayaba) 845 m.
  • Tell El ‘Anţūr (Tell el Antoor) 823 m.
  • Tell Um Rqēbi (Tell Um Rqeibi) 811 m.
  • Tell Ħuējer (Tell Hweijer) 791 m.
  • Tell Khnēfes (Tell Khneifes) 763 m.
  • Tell Maqħūl (Tell Maqhool) 744 m.
  • Tell Salmān (Tell Salman) 738 m.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]