Diskusjon:Anarkisme

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Anarkisme [...] er ei retning innan sosialismen. Dette blir vel for snevert. Skull ønskja at eg hadde ei kjelda, men det finst mange retningar innan anarkismen som ikkje har noko med sosialisme å gjera; sjå t.d. denne engelske artikkelen. --Harald Khan Ճ 6. november 2008 kl. 12:22 (CET)[svar]

Heilt einig, ein retteleg dårleg artikkel det her. Han overforenklar så mykje at det blir heilt gale. --Ekko 6. november 2008 kl. 13:26 (CET)[svar]
Ettersom Anarkisme er utvald artikkel på Tema:Politikk bør artikkelen ryddast opp i, kanskje med ein real dugnad? Anders 6. november 2008 kl. 13:41 (CET)[svar]
Svensk wiki har ein stor og grundig artikkel om anarkisme. Han begynner slik: "Anarkism (från grekiskans ἀν (utan) + ἄρχειν (att styra) + ισμός (från stammen -ιζειν), "an archos", "utan härskare", är en politisk riktning med syfte att avskaffa statsmakten, [1][2] kapitalismen och alla andra hierarkiska och auktoritära strukturer i samhället. Det finns ett flertal olika varianter av anarkism, men det gemensamma målet är ett stats- och klasslöst samhälle." Dersom dette med klasselaust samfunn er rett, er det vel ikkje heilt feil å seie at anarkismen er ei retning innan sosialismen? Men for all del, om nokon vil skrive om, så gjer gjerne det for min del. --Erling 6. november 2008 kl. 19:20 (CET)[svar]
For å kjempe for eit klasselaust samfunn må ein meine at det finst noko slik som klassar. Og det omgrepet nyttar ikkje alle anarkistar. Skal ein definera anarkisme som antikapitalisme kan ein heller ikkje snakke om anarkisme før kapitalismen oppsto. Ser ein til dømes på Max Stirner finn me ein anarkist som så absolutt ikkje er sosialist. Sjå til dømes artikkelen i Store Norske Leksikon for ein langt betre artikkel enn vår. --Ekko 6. november 2008 kl. 19:33 (CET)[svar]
(redigeringskonflikt) Ikkje alle anarkistar har som mål å avskaffa kapitalisme eller har noko særleg formeining i forholdt til klasseomgrepet, sjå t.d. Murray Rothbard. Avskaffinga av sentrale styresmakter må vera det som kjenneteiknar anarkisme. Eit land utan styresett blir ikkje automatisk klasselaust eller fritt for kapitalisme. Men utdjupande eksterne kjelder er noko eg framleis har lyst på. :-) --Harald Khan Ճ 6. november 2008 kl. 19:43 (CET)[svar]
For ein gongs skuld kan ein lese den (dei) engelske artiklane om dette med utbytte. Den tyske er (som vanleg) konsis og god. Eg har ikkje sjekka kjeldene deira. --Ekko 6. november 2008 kl. 19:48 (CET)[svar]