Diskusjon:Anne-Cath. Vestly

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Brukar:LA2 spør om det riktige namnet er Anne-Cathrine eller Anne-Catharina, men det er fleire alternativ:

  1. Anne-Cathrine: lagt inn her av Brukar:Olve. Google søk (intl/site:no): 1/0.
  2. Anne-Catharina: Brukt av no.wikipedia, Aftenposten og Store norske leksikon. Google søk (inkl. Wikipedia): 79/8
  3. Anne-Catherine: Google søk: 13/0
  4. Anne Catharina: Brukt i skattelistene.

Eg trur det er ganske klart her at det riktige alternativet er 2 eller 4, beste og enklaste måten å finna ut kva som er riktig er nok å ringa ho (ho er oppført i telefonkatalogen), sjølv om det blir "original research" :-)

Caplex gjev ikkje noko informasjon om det fullstendige namnet. --Guttorm 11. jan 2005 kl. 18:39 (UTC)

Eg meiner å ha høyrt henne seia Anna(-)Catharina i eit radioprogram. Ho skriv òg om det fullstendige namnet sitt i boka Lappeteppe fra en barndom. Dette blir ikkje fullt så førstehands, men... -- Ranveig 11. jan 2005 kl. 19:15 (UTC)

Anna, og ikkje Anne? Kva skriv ho så i Lappeteppeboka? Det kan jo henda at ho sjölv kallar seg noko anna enn det ho vart döypt/registrert og framleis er registrert som.(?) --Guttorm 11. jan 2005 kl. 19:41 (UTC)

Beklager - Anne. Lappeteppeboka eig eg dessverre ikkje, eg hugsar berre Anna Catharina, men ikkje om det var bindestrek der. Når ho nå står oppført i skattelistene og telefonkatalogen, tyder det kanskje på at ho ikkje offisielt har bindestrek der. -- Ranveig 11. jan 2005 kl. 19:58 (UTC)

Ho omtalar bakgrunnen for forkortinga og namnet sitt i ein dokumentar/eit portrett på NRK fjernsynet. Er mogleg den kan sjåast på nettversjonen. Akkurat bindestreken trur eg ikkje ho omtalar, og det er jo ikkje akkurat noko som er så lett å høyre. Bindestreken kjem nok frå forkortinga, ja. --Guttorm 27. okt. 2005 kl. 22:54 (UTC)


En liten takk fra Anton[endre wikiteksten]

Anne-Cath Vestly har gjeve ut boka En liten takk fra Anton. Kilde: