Bindestrek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
-

Skiljeteikn

apostrof ( ' ) ( )
kolon ( : ) ( ː )
komma ( , )
tankestrek ( )
lang tankestrek ( )
bindestrek ( )
bindestrek‐minus ( - )
hard bindestrek ( )
utelatingsteikn ( )
ropeteikn ( ! ) ( ¡ )
punktum ( . )
halvhøgt punktum ( · )
interrobang ( )
ironiteikn ( ؟ )
spørsmålsteikn ( ? ) ( ¿ )
sitatteikn ( ‘ ’ ) ( “ ” ) (« ») (» «) (› ‹)
semikolon ( ; )
skråstrek ( / )
bakstrek ( \ )
lodrett strek ( | )
understrek ( _ )
aldusblad ( ) ( )
asterisk ( * )
asterisme ( )
kross ( )
dobbelkross ( )
innsettingssteikn ( ^ )
tilde ( ~ )
alinea ( )
listepunkt ( • ▪ ‣)


  Fordelingsmellomrom
hardt mellomrom (   )
mange fleire ( ) ( ) ( ) ( )


  Parentesar
parentes ( ( ) )
hakeparentes ( [ ] )
krøllparentes ( { } )
vinkelparentes ( 〈 〉 )
piggparentes ( ⁅ ⁆ )

Bindestrek (-) er eit skriftteikn danna av ein kort vassrett strek i middels høgd på linja. Bindestreken blir brukt til å binde saman ordledd i samansette ord og ord som er delte av linjeskift, og som erstatning for ordledd i visse uttrykk, til dømes ved gjentakingar. Bindestreken er kortare og har eit anna bruksområde enn tankestreken. Vi finn bindestreken til høgre for punktumet på eit vanleg norsk tastatur.

Hard bindestrek[endre | endre wikiteksten]

Ønsker vi ein hardbindande bindestrek, slik at ord som fell på slutten av ei linje ikkje skal bli delt ved bindestreken, kan vi bruke hard bindestrek. I Word får vi hard bindestrek ved å taste tre tastar samtidig: <Shift> <Ctrl> < - >.

Døme på bruk av bindestrek[endre | endre wikiteksten]

I samansette geografiske uttrykk:

  • Nord-Noreg, Latin-Amerika (men nordnorsk, latinamerikanar)
  • Musikk-Noreg, Nazi-Tyskland

I ord som inneheld tal, forkortingar eller visse forstavingar:

  • 50-årsdag (men femtiårsdag), 1900-talet
  • ikkje-røykjar, a-mollskonserten
  • cd-en, pc-brukar

I visse samansette uttrykk:

  • berg-og-dal-bane
  • Ole Brumm-politikk
  • Grå-stær-pasient kan vere vel så bra som «grå stær-pasient», sjølv om sjukdommen i seg sjølv skrivest «grå stær»

Som ordledderstatting:

  • bindestrek erstattar «vesen» i «post- og telegrafvesen»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]