Diskusjon:Anni-Frid Lyngstad

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skal ikkje det offisielle namnet standa fyrst i artikkelen? Gwgwrgwrehg 20:11, 24 november 2007 (CET)

I følgje stilmanualen bør artikkeloverskrifta stå i feit skrift først i artikkelen. - Knut 21:48, 24 november 2007 (CET)
Sjå Vladimir Putin, Gerhard Schröder, Tony Blair og fleire. Alle byrjar med rett namn. Gwgwrgwrehg 18:54, 29 november 2007 (CET)
Problemstillinga er kva vi skal gjere når personar som er kjende under eit namn, skiftar deler av namnet og ikkje lenger er kjende under det nye namnet. Eg held på å omtale dei under namnet dei var kjende under, i alle fall der dei har trekt seg heilt attende frå rampelyset.
Kanskje er det likevel rett å skifte namnet. Men prinsessetittelen bør ikkje ha plass i feit skrift, ho er ikkje kjend som prinsesse. Dessutan bør vi vere sikre på kva ho heiter før vi eventuelt skiftar, eg ser at bokmålswikipediaen og tysk wikipedia brukar ulike etternamn på Anni-Frid. -Knut 19:26, 29 november 2007 (CET)
Prinsessetittelen må òg vera med feit skrift om det skal standa det noverande namnet. Gwgwrgwrehg 21:25, 29 november 2007 (CET)
Nei, titlar skal ikkje stå i feit skrift — sjå kong Olav V av Noreg. -- Olve 22:50, 29 november 2007 (CET)
Derimot bør alle namn ein person er kjend under vera tydelege, anten i innleiinga eller ein infoboks. Der bruker me ha eit langt, offisielt namn først og deretter kortnamn. I dette høvet vil det vel bli noko slikt som «Anni-Frid Synni Reuss (fødd-død), kjend som Frida eller Anni-Frid Lyngstad...» (Det går ikkje fram av denne artikkelen om Frida er eit kallenamn eller kva; det bør gjerast klarare.) --Ranveig 23:06, 29 november 2007 (CET)
Men skriv ikkje dette før vi har kjelder for kva ho verkeleg heiter til etternamn, og korleis namnet fornamnet skal knytast til etternamnet med titlar og preposisjonar..... - Knut 23:45, 29 november 2007 (CET)