Diskusjon:Autoritet

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne artikelen handlar vel i røynda om nett det same som det eg har skrive om legitimitet? Dei kategoriane eg har delt legitimitet opp i, byggjer visseleg på denne autoritet-klassifikasjonen frå Max Weber, anna han er meir utvida so han høver betre med dei slaga regime som faktisk finst(/har funnest). Er det noko retningslina for kva me gjer når me får to artiklar som so å seia handlar om det same? Eg meiner det er ein skilnad mellom autoritet og legitimitet, i alle fall i kvardagstala: Ein kan ha autoritet, og ein kan vera ein autoritet, men ein kan berre ha legitimitet, det går kje å vera ein legitimitet. Eg tykkjer kanskje det å ha autoritet og det å ha legitimitet, er det same, men det å vera ein autoritet ikkje har noko med legititmitet å gjera. Eg trur soleis ikkje det er rett som det står i denne artikelen at det viser til «makt som vert akseptert som legitim og rettkommen både av makthavarane og dei makteslause». Ein autoritet er ein autoritet, anten han er godteken av folket (=er legitim) eller ei (=ikkje legitim). Den faglitteraturen eg har lese, skriv ikkje om autoritet på den måten som denne artikelen gjer, der går det i legitimitet i dette høvet. Og Max Weber kalla det då for Herrschaft som meir tyder herredøme... Er de samde i den skilnaden eg ser mellom legitimitet og autoritet? Kan me gjera noko med desse to artiklane so at dei vert klårt åtskilde utan at me gjer vald mot dei opphavlege og faglege definisjonane (eg er uviss på koss eg skal tyda dette autoritet, fagleg.) --Berre ei sleggje 30. nov. 2005 kl. 11:23 (UTC)


Eg smekker på to ofte brukte personar for å illustrere karismatisk legitimitet; Gandhi og Jesus. Hitler er det tredje ofte brukte dømet, så han skal få stå ifred. Det er for meg ukjendt korvidt Martin Luther, Lenin og Lech Walesa var karismatiske eller rasjonelle opprørarar. Ting kan vere rasjonelt legitimt, om ikkje nødvendigvis "lovlegt" eller "roligt". (Det ville kanskje ha vore tryggare å bruke kaptein Martin Linge og Ayatollah Khomeini enn Lenin.)

Mens eg er i gang; Når ein snakkar om at moderne samfunn er legal-rasjonelle, tenkjer vi då på kombinasjonen liberal/sosial og demokratiet? (Platon sitt polykrati; rettstaten sikrar individa imot overgrep ifrå demokratiet, då vi ikkje kan hive enkeltpersonar (t.d. Tore Tønne) til løvene på sirkus. Demokratiet sikrar massane sine interesser imot overgrep ifrå statsmakta og eliten.) Korkje Russland, Zimbabwe eller Kina kvalifiserar til demokrati no om dagen, og dei er 'moderne samfunn' med mobiltelefonar og andre ting for eliten. --Krekling 17:43, 24 mars 2008 (CET)