Legitimitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Legitimitet er i statsvitskapen eit uttrykk for at folket har ei subjektiv kjensla av at dei som styrer i landet har retten til å styra, og at deira lover og vedtak skal lydast. Dette skil seg altso frå legalitet som krev at styret skal fylgja somme fastslegne reglar, det skil seg òg frå folkesuverenitetsprinsippet, som krev eit slag objektiv legitimitet, ved at all legitim autoritet må koma frå «folket». I røynda kan både demokrati og diktatur ha som legitimitet, med di det finst fleire måtar regime kan legitimera styret sitt på:

  • Demokratisk legitimitet - styremaktene styrer for di dei har ein viss oppslutnad i folkesetnaden frå demokratiske, frie, opne og rettferdige val. Den demokratiske legitimiteten vert gjerne kalla for eit «folkeleg mandat» i norsk politikk.
  • Legal eller rasjonell legitimitet - styremakta er underlagd og fylgjer strengt gjevne lover som er haldne for å vera rasjonelle. Slik legitimitet finn me i byråkrati.
  • Tradisjonell legitimitet - ein konge eller liknande styrer for di det alltid har vore slik i landet.
  • Karismatisk legitimitet - ein person er tiltrudd styremakt for di han har særlege takande personlege eigenskapar og karisma. Slik legitimitet er gjerne knytt til eitt einskildindivid, og dersom regimet held fram når denne personen døyr eller gjev frå seg styringa av annan grunn, må regimet gjevast tradisjonell legitimitet.
  • Ideologisk legitimitet - ein person eller ei gruppa personar styrer med grunn i ein ideologi. Slik som at diktaturet er grunngjeve i kommunismen.
  • Religiøs legitimet - dei styrande hevdar dei er innsette av Gud, eller dei hevdar deira styre er i tråd med dei religiøse lovene.