Max Weber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Max Weber
Max Weber 1894.jpg
FøddMaximilian Carl Emil Weber
21. april 1864
Erfurt
Død14. juni 1920
München
NasjonalitetKongedømet Preussen, Weimarrepublikken
Områdereligionssosiologi, historievitskap, samfunnsøkonomi
Yrkejurist, samfunnsøkonom, sosiolog, filosof, antropolog, advokat, universitetslærar, musikkforskar, politikar
InstitusjonarLudwig-Maximilians-Universität München
Albert-Ludwigs-Universität
Universitetet i Heidelberg
Universitetet i Wien
Alma materUniversitetet i Heidelberg
Albert-Ludwigs-Universität
Universitetet i Wien
Ludwig-Maximilians-Universität München
Universitetet i Göttingen
Humboldt-Universität zu Berlin
DoktorgradsrettleiarLevin Goldschmidt
EktefelleMarianne Weber
MedlemDet alltyske forbund
German Sociological Association
Det bayerske vitskapsakademiet
Heidelberger Akademie der Wissenschaften
Heidelberger Akademie der Wissenschaften

Maximilian Weber (21. april 186414. juni 1920), oftast kalla Max Weber, var ein tysk sosiolog, historikar og filosof. Han var fødd i Erfurt og budde mesteparten av sin barndom og ungdom i Berlin. Han blir rekna som ein av sosiologiens grunnleggarar. Webers viktigaste verk omhandlar religionssosiologi og politisk sosiologi, men han skreiv også mykje innan økonomi. Weber har mellom anna definert ein stat som «ei eining som har monopol på legitim bruk av fysisk makt», ein definisjon som er blitt grunnleggande i vestleg statsvitskap.

Weber var elev av den tyske filosofen Heinrich Rickert (1863-1936). Weber var påverka av Rickerts skilje mellom natur- og kulturvitskapar, det vil seie skiljet mellom å forklare og å forstå. Han var også oppteken av vitskapens forhold til objektivitet og verdiar. Når vi orienterer oss i røynda foretar vi alltid eit utval, og dette utvalet er forma av våre personlege, subjektive synspunkt og verdioppfatningar.

I boka Protestantismens etikk og kapitalismens ånd studerte Max Weber andelege og kulturelle føresetnader for kapitalismen. Konklusjonen var at protestantismen, i kalvinistisk versjon, har stimulert framveksten av kapitalismen.

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

  • 1891-1892: Die Verhältnisse der Landarbeiter im ostelbischen Deutschland
  • 1904: Die 'Objektivität' sozialwissenschaftlicher und sozialpolitischer Erkenntnis
  • 1904: Die protestantische Ethik und der 'Geist' des Kapitalismus
  • 1915-1919: Die Wirtschaftsethik der Weltreligionen
  • 1919: Wissenschaft als Beruf og Politik als Beruf tekst
  • 1920 Gesammelte Aufsätze zur Religionssoziologie
  • 1922 (posthumt): Wirtschaft und Gesellschaft (gjerne rekna som Webers hovudverk)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]