Diskusjon:Den europeiske unionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Jeg vil påpeke at flagget er ikke «flagget til Den europeiske unionen», men «Europas flagg» som det står på no: og en:. Les om Europa-flagget på en:European flag. Wolfram 10. juli 2005 kl. 16:16 (UTC)

Til brukaren som fjernar store delar av artikkelen av di han eller ho ikkje er samd i at det står her. Vær god å bruk diskusjonssida før du gjer så omfattande endringar. Truleg har du rett i mykje, men hugs at ette er ein dugnad og ikkje ein serie med solo-løp. --Ekko 13:26, 8 desember 2007 (CET)

Norgesfokus, døde lenker og grunnlovsstoff[endre wikiteksten]

Lenker til norske ja- og nei-sider skal det ikke være i denne artikkelen. Enkeltlandsfokus er rett og slett ulovlig i artikler om internasjonale ting på Wikipedia. Det er logisk at døde lenker skal de-lenkes. Grunnloven er blokkert, og ihvertfall ikke en hel seksjon 'verdig'. Alt som står om den nå er utdatert. (og ensidig om at den "kommer til å" voldta sjølråderetten) Hvis noen vil skrive den om og oppdatere, er det fint, men slik det står nå, er det bedre å slette. Se her. - Ssolbergj 19:07, 9 desember 2007 (CET)

Å seie at det ikkje skal vera peikarar til norske nei- og ja-sider lyt du argumentera for. «Enkeltlandsfokus er rett og slett ulovlig i artikler om internasjonale ting» er ei meiningslaus utsegn. For det første finst det inga lov som regulerar dette. Me har heller ikkje retningsliner om noko slikt. For det andre er det vel ikkje urimeleg å skildre tilhøvet Noreg har til fleirnasjonale organisasjonar? Sjølvsagt kunne ein hatt ei rekke artiklar av typen «Noreg og ....». Etter mi meining er det langt betre å ha dette som eigen bolk i artiklane om dei organisasjonane det gjeld. Å fjerne daude peikarar er greit, her gjekk det med i dragsuget av attenderullinga av dei andre endringane du hadde gjort. Diskusjonen om grunnlova var ein stor og viktig diskusjon og må difor omtalast. At den bolken må oppdaterast har du rett i, men me kan ikkje slette ting etter kvart som det blir forelda. Me gjer det betre! At du viser til din eigen argumentasjon i ein annan Wikipediatgåve skjønar eg verkeleg ikkje vitsen med. Gidd du ikkje skrive ned argumenta dine her kan du ikkje rekne med at me gidd å ta omsyn til synspunkta dine heller. --Ekko 19:25, 9 desember 2007 (CET)
Om ein artikkel har ei einsidig norgesdekking, er det jo ikkje betre å skrive om andre lands forhold til EU då? Istaden for å berre rive ned? Og utan å repetere det Ekko alt har svara på undrar eg på om Ssolberg ikkje bør jenka seg ned eit par hakk til han har skjønt kva wikipedia er og korleis vi arbeidar her. --Anders 19:36, 9 desember 2007 (CET)
Jeg har 9976 seriøse redigeringer på wikipedia, og vet godt at alle wikipediautgaver skal representere et globalt ståsted. Selfølgelig er det best å fjerne feilaktige ting. Stoffet som sto om grunnloven har tydeligvis stådd uendret siden 2005 da den ble nedstemt. Hvis noen føler for å forbedre EU-artikkelen på nynorsk wikipedia, burde det ikke være for hardt å trykke på "historikk"-knappen, hvis noen i de hele tatt kan bruke noe av det tullet som sto der. - Ssolbergj 19:44, 9 desember 2007 (CET)
Utdrag fra diskusjonen på bokmålutgaven:
"Dette er en norskspråklig utgave av Wikipedia, ikke Wikipedia Norge. (det hadde tilsvarende vert helt upassende å hatt en egen seksjon i den engelske EU-artikkelen om kun Storbritania eller USAs forhold til EU.) Hvis du vil legge til litt informasjon om Islands, Sveits' og Lichtensteins situasjon, kan du godt legge til den teksten jeg fjernet under en ny seksjon kalt "EØS-avtalen". - Ssolbergj 4. nov 2007 kl. 03:41 (CET)" - Ssolbergj 19:49, 9 desember 2007 (CET)
Men argumentasjonen din heng ikkje på greip, kor mange redigeringar du har har inga vekt, korkje her eller der. Ein peikar til ein mal? Kva i all verda skal det tyde og kva slags grunnlag for ei argumentasjonsrekkje er det? Eit sitat av deg sjølve, kor du berre seier «helt upassende»? Det er ei påstand, ikkje eit argument. Wikipedia kviler på fem søyler, korleis meiner du artikkelen bryt med dei? --Ekko 19:59, 9 desember 2007 (CET)
Selvfølgelig vet jeg at antallet endringer ikke teller, men jeg ble litt irritert når han sa at jeg ikke vet "hvordan man arbeider på wikipedia". Nynorskutgaven har et veldig begrenset hjelp-område. Du burde klare å lese malen og forstå at den ikke lyger. Hvis NNW hadde hatt en tilsvarende, hadde jeg brukt den. - Ssolbergj 20:02, 9 desember 2007 (CET)
Eg prøver med mi beste vilje å skjøne kva du meiner, men det er ikkje lett. «Nynorskutgaven har et veldig begrenset hjelp-område.» Kva er det du treng hjelp med?«Du burde klare å lese malen og forstå at den ikke lyger.» Mennesker lyg, bokstavar er berre teikn. Denne malen er korkje prov eller argumentasjon, berre ei opplysning om at nokon har ei bestemt oppfatting. Og for å ta Anders litt i forsvar, det verkar faktisk som om du er ganske ukjend me korleis ein jobbar i lag. --Ekko 20:29, 9 desember 2007 (CET)
Med andre ord: Nynorsk wikipedia har et veldig begrenset utvalg av maler og "hjelp"-sider om universale wikipedia-regler. - Ssolbergj 20:44, 9 desember 2007 (CET)

(redigeringskonflikt)

Noregsfokus er verdt ein diskusjon for seg sjølv. Global ståstad er eit greitt ideal, og spesielt viktig på engelsk wikipedia, sidan engelsk er eit verdsspråk. Men om vi på norsk, svensk eller dansk wikipedia trur vi har like mange lesarar i Porto-Novo som i Trondheim, trur eg vi byrjar bli noko oppblåste.
Sjølvsagt må artiklar som omtalar fortidige hendingar som kommande hendingar, skrivast om. Flott at Ssjolbergj finn fram til slikt.
Eg er òg samd med Ssolberj i at utsegner som (sitat) «den "kommer til å" voldta sjølråderetten» ikkje høyrer heime i ein artikkel om EU-grunnlova på nn-wikipedia. Både fordi utsagnet ikkje kan dokumenterast, fordi det ikkje er nøytralt og fordi det ikkje er skrive på nynorsk. - Knut 20:07, 9 desember 2007 (CET)
Det var en overdrivelse, ikke et sitat. Men jeg har all rett til å utnytte det faktum at det skal være globalt fokus på alle wikipediautgaver. Butikknasking er også tyveri. Konklusjonen på Bokmål-wikipedia (som også er mikroskopisk sammelignet med engelsk wikipedia), var at det ikke skulle være norgesfokus. - Ssolbergj 20:09, 9 desember 2007 (CET)
Wikipedia - det frie oppslagsverket. Globalt perspektiv bør bety at artiklane like gjerne skal ta utgangspunkt i situasjonen til ein bonde i Lom som ein gruvearbeidar i Kiruna eller ein direktør i London. Vi må leggje stein på stein når vi byggjer. Om vi i fyrste omgangen berre har ståstaden til bonden i Lom, får vi skrive med vidare synspunkt sidan, ikkje rive ned det som alt er gjort. For emne som EU er det nok lurt å skrive om Noregs tilhøve til EU i ein eigen artikkel, jf løysinga på dansk wikipedia. Så får vi skrive om Slovenias EU-tilhøve seinare. Kanskje Ssolbergj tar den skrivinga? - Knut 20:34, 9 desember 2007 (CET)
Kanskje Knut kan ringe Jimmy Wales og søke om dispensasjon slik at nynorsk wikipedia kan få lov til å å tilby bonden i Lom en peker til www.neitileu.no? Nei jeg tror ikke det vil hjelpe. - Ssolbergj 20:40, 9 desember 2007 (CET)
Denne forstod eg ikkje. Global ståstad - tyder ikkje det at utgangspunktet til ein bonde i Lom er like rett som utangspunktet til Jimmy Wales? Kva er gale med ein peikar til Nei til EU, om si skriv om EU-striden? - Knut 21:10, 9 desember 2007 (CET)
Poenget er at ingen wikipedia-artikkel om en internasjonal ting som EU, skal eksklusivt vise lenker til nasjonale sider. - Ssolbergj 21:16, 9 desember 2007 (CET)
Så bm-wiki bryt reglane ved å ha ei lenkje til FN-sambandet i artikkelen om FN. - Knut 21:29, 9 desember 2007 (CET)
Her handlar det mest om kva som vil gjere dette til eit godt oppslagsverk. Dersom eg var interessert i tilhøva mellom Noreg og EU ville eg søkt på EU. Då må informasjonen ligge der inntil nokon har skrive artikkelen om Noreg og EU. Inntil då treng vi informasjonen her. Når artikkelen kjem, må han visast til i innleiinga. Forøvrig så vender vi oss i all hovudsak til eit norsk publikum. Det å kreve ein global ståstad på den måten at vi minkar verdien for primærbrukarane er ikkje fornuftig. Og noko slik policy finst ikkje på Nynorsk Wikipedia. Det tyder ikkje at det ikkje bør vere eit mål, men ikkje dersom informasjon forsvinn. stykkjet 20:41, 9 desember 2007 (CET)
Hvis Nynorsk wikipedia hadde vert utviklet nok, hadde det garantert hadd samme policies som bokmålutgaven. Og bokmålutgaven liker ikke norgesfokus. Dette blir regler mot de facto-intensjoner. - Ssolbergj 20:47, 9 desember 2007 (CET)
Kor har Ssolbergj det frå «at det skal være globalt fokus på alle wikipediautgaver»? Og det er ikkje rett at konklusjonen på bokmålswikipedia er slik som han seier. Debatten konkluderte ikkje, det er sitt eige argument derfrå han siterar. Eg trur dessutan at det er lurt å ha ein global ståstad, men at det ikkje er gale å opplyse om fakta som er relevante for det språksamfunnet ein skriv for. Døme: Det var gale når ein på engelskspråkleg wikipedia skreiv at ein «Cardiac sonographer» skulle ha ein «Associates degree» (brot på global ståstad). Men det gjer ikkje noko at det står at dette er tilfelle i Nordamerika og Australia (relevant opplysing for dei fleste engelskspråklege). Eg meiner Ssolbergj blandar saman fokus, ståstad og relevans. Og innlegget over er jo rør! Hadde dere vært utvikla hadde dere ment noe annet? «Dette blir regler mot de facto-intensjoner.» Kva tyder dette? Norsk er det ikkje. Ekko 20:59, 9 desember 2007 (CET)
Alle unntatt deg er enige om at globalt fokus er et wikipedia-prinsipp. De facto er et latinsk ord som ofte er brukt i norsk språk. Så kan man diskutere til man blir grønn om nynorsk-utgaven er så liten og uskyldig at den ikke skal følge universelle regler. - Ssolbergj 21:11, 9 desember 2007 (CET)
Og dei fleste som er samde i at prinsippet gjeld, tolkar det på ein annan måte enn Ssolbergj. På bokmålswiki skriv dei om Monopol. Med globalt perspektiv? Ja, men slik Stykkjet m.fl. forstår det, ikkje slik at artiklar med noregsfokus er uønska.-Knut 21:20, 9 desember 2007 (CET)

Det er naturlig å annta at Nynorsk Wikipedia følger samme regler som alle andre utgaver har. Hvis noen vil si noe annet, så burde de finne et bevis på det. - Ssolbergj 21:21, 9 desember 2007 (CET)

Ssolbergj må klare å halde deg til enkle reglar for meiningsfull kommunikasjon. Å nytte ein peikar til ei mal-side som eit argument er totalt misforstått. Ein mal er korkje premiss eller argument, berre ei opplysing om at nokon har ei meining. Eg skjønar òg alle orda i setninga Ssolbergj skreiv, men for meg gjev ikkje meining til saman. Det blir som dømet på ein velformulert, men meiningslaus setning frå pensumboka til Ex.phil.: «Gråt ikke så avlangt du grønne sardin, ennå kan vel ditt treben spille!» Og dei einaste reglane me har som gjeld alle utgåver av wikipedia er dei fem søylene eg har peika til ovanfor. Det siste innlegget er òg eit prov på at du ikkje skjønar elementær argumentasjonslære. Ein finn prov for eigne argument, ein overlet ikkje til andre å finna prov mot. (kan du prove at månen ikkje er av gul ost?) Ekko 21:24, 9 desember 2007 (CET)
Sier du at det ikke er krystallklart at alle andre utgaver av wikipedia vil ha globalt fokus?. Er det ikke naturlig å annta at NNW følger de samme reglene? Jeg bryr meg ikke om hva du mener om "diskusjonens kunst".- Ssolbergj 21:28, 9 desember 2007 (CET)
Ja. Eg seier du tek feil, at du har feil når du hevdar å ha brei støtte for ditt syn, at du ikkje legg fram prov for at noko av det du seier av prinsippiell art er rett og at det at du ikkje kan diskutera på vanleg vis hindrar meiningsfull kommunikasjon med deg. Du har rett i at delar av artikkelen er forelda, men løysinga di (slett stoffet) er òg feil. --Ekko 21:34, 9 desember 2007 (CET)
Eg trur Ssolbergj blandar saman perspektiv og fokus, jf. grunnprinsippa. Når han finn malar på bm-wiki som stør opp under denne misforståinga, vert det gale. - Knut 21:46, 9 desember 2007 (CET)
Tror dere det er en grunn til at BMW og alle andre utgaver synkroniser sine regelverk med EW, men at NNW ikke gjør det samme? - Eller er det bare at NNW sitt regelverk har lite stoff? - Ssolbergj 22:17, 9 desember 2007 (CET)
No er vi der at anten kjem du med kjeldetilvisingar, eller så sett me strek for drøftinga her. (Eg ser du la til «alle andre utgaver». Så språkmektig at du veit det trur eg ikkje du er.) Du har ein så lemfeldig omgang med fakta og kjeldebruk at sjølv om du har kunnskapar om dette emnet trur eg du skal nytte energien din ein annan stad. --Ekko 22:50, 9 desember 2007 (CET)

I denne diskusjonen kan det nok og vere verd å ha med seg ein av hovudreglane på wikipedia. Denne regelen seier at alle reglar skal ignorerast om dei hindrar å skape eit godt leksikon. Det er eit godt utgangspunkt. Alt må målast mot dette eine, kva skaper eit godt encyclopedi. Mi meining er i alle fall klår. Å fjerne relevant informasjon for dei som er publikumet vårt er ikkje med på å skape eit godt leksikon. stykkjet 08:46, 10 desember 2007 (CET)

Heilt einig med stykkjet her. Me lagar eit norskspråkleg leksikon og eg trur ikkje eg tar for hardt i om eg seier at dei aller aller fleste som les både bokmål- og nynorskutgåva av Wikipedia har eit tett forhold til Noreg. Så eg ser ikkje det store problemet med i det minste å ha ein bolk som viser til Noreg sitt forhold til kva tema no det enn måtte vere. Dette kan nok heilt sikkert gjerast betre i denne artikkelen og ein artikkel om eit tema som t.d. EU kan jo sjølvsagt ikkje berre handle om Noreg, men det var ikkje poenget mitt. Eg har sjølv gjort dette mange ganger i meteorologiartiklane, som t.d. nedbør og eg ser overhovudet ingen god grunn til å ta det bort. På ei norsk utgåve meiner eg går det fint an å ha ein slik bolk om norske forhold, men dette vert langt meir problmatisk på ei engelsk, tysk, fransk eller spansk utgåve (og sikkert fleire språk), som er språk som vert nytta i langt større område og i langt meir enn eitt land. --Frokor 12:08, 10 desember 2007 (CET)

Framover[endre wikiteksten]

No er det vel tid for å sjå framover. Eg har satt inn att den mest omstridte bolken som skjult tekst. Dette gjorde eg avdi debatten rundt grunnlovsforslaget var viktig og derfor fortjenar ein eigen, oppdatert, bolk. Eg voner nokon har tid og innsikt til å ta tak i denne. Eg har òg satt inn eit oppryddingsmerke. Det er fordi artikkelen har mykje gamalt (trur eg) og uansett er for tynn. Ein bolk om Noregs tilhøve til EU før og no høyrer med, men bør nok vera underordna. Meir detaljert om EU/EEC/Sammarknaden i norsk politikk (kvar gjekk frontane i tidlegare avrøystingar osb.) er eg samd høyrer heime i t.d. EU i norsk politikk. Ekko 20:01, 10 desember 2007 (CET)


Å angre endring[endre wikiteksten]

Eg fekk ikkje fram at alt stoffet når eg angra ei endring her. Kunne nokon hjelpe? For eg tør ikkje å klusse meir med det. --Krekling 2. september 2008 kl. 02:31 (CEST)

Det er av di mesteparten var skjult tekst. Det er restar frå tidlegare utgåver av artikkelen, som ein har tenkt kan nyttast i t.d. en bolk om «Argumentasjon under EU-striden» eller liknande. Det er rekna som for subjektivt til at det kan stå som objektiv sanning. --Ekko 2. september 2008 kl. 14:26 (CEST)

Medlemsland[endre wikiteksten]

Er det noe poeng i å ha ein svær tabell med medlemslanda? --KRISTAGAα-ω 31. mars 2011 kl. 21:40 (CEST)

Kritikk av EU[endre wikiteksten]

Bolken «Kritikk av EU» skil seg ut som politisk argumentasjon og høyrer vel ikkje heime i eit leksikon. Noko av det som står der kan kanskje nyttast andre stader i artikkelen, men da med kjelder. --Sigmundg 3. januar 2012 kl. 00:22 (CET)

Betre kart[endre wikiteksten]

Eg synest ikkje kartet i infoboksen er tilfredstillande, eit verdskart er for "usentrert". Sjå til andre språk, blant anna bokmålsversjonen, der er kartet mykje betre.
Arntor 20. november 2014 kl 21:20 (CET)