Diskusjon:Førde kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Førde er så fleirtydig at eg tykkjer at Førde bør vere fleirtydingside, og at artikkelen om kommunen Førde difor må flyttast, t.d. til Førde kommune (som no er omdirigering til Førde). Er det greit at Førde vert rein fleirtydingside, og at kommuneartikkelen vert flytt?


Her er ein kladd til innhald på fleirtydingsida: (Kladden er no limt inn på Førde) av --Gunnernett 2. august 2006 kl. 16:04 (UTC) --Jorunn 15. juli 2006 kl. 12:45 (UTC)

Flyttingsforslaget til Førde kommune høyrest fornuftig ut, og at Førde vert ei fleirtyding / namneside. Til dømes var det nokre musikarar som skulle til Førde internasjonale musikkfestival. Då dei vel var framme i Førde i Sveio, fekk dei vita at dei skulle til Førde i Sogn og Fjordane. --Gunnernett 17. juli 2006 kl. 14:12 (UTC)
Dei skulle ha sjekka Wikipedia! Einig i at det bør gå greitt å flytta, så vidt eg veit har ikkje kommunar einerett på namnesida (sjå t.d. Fjell, Strand og Lund). -- Ranveig 17. juli 2006 kl. 14:44 (UTC)
Eg synest kommunen burde liggja på Førde, og fleirtydinga på Førde (fleirtyding). Fjell, strender, lundar og aurar kan etter mi meining ikkje samanliknast med Førde, fordi dette er ord i tillegg til å vera stadnamn. Og når me først er inne på temaet, Lindås burde iallfall ikkje vera fleirtyding. Oslo og Åmot har eigne fleirtydingssider her og her, så det er ikkje konsekvens i val av artikkelnamn heller.
Og Diskusjon:Førde bør ikkje vera omdirigert hit. :-) --Tannkrem 20:16, 15 juni 2007 (CEST)

Kan me ikkje flytta artikkelen attende? Ver so snill! Eg trur at over 95% av lenkjene som no går til ei fleirtydingssida, skulle ha gått til artikkelen om Førde kommune. Seinast i dag har ein av deltakarane i denne diskusjonen laga ei lenkja til Førde. Og eg synest ikkje argumenta for flyttinga var overveldande gode, samanlikna med ulempene ved å ha ei Førde-sida som ikkje handlar om Førde kommune. --Tannkrem 19:56, 21 januar 2008 (CET)

![endre wikiteksten]

Siste endring er gjort av Brukar:Cato og ikkje 80.213.44.83. --Cato 07:26, 13 oktober 2006 (UTC)

Arkivportalenlenkjer[endre wikiteksten]

Det er sikkert bra med lenkjer til Arkivportalen, men her er det iallfall alt for mange. Går det ikkje an å få det ned til ei lenkje? Då tenkjer eg på som bakgrunnsstoff, ikkje som referansar. Ei lenkje som går til ei liste med alle treff på arkivportalen som gjeld Førde kommune. ----176.11.168.111 20. februar 2014 kl. 00:07 (CET)