Diskusjon:Flensborg Fjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Skulle ikkje namnet på denne artikkelen vore Flensburgfjorden? --Ekko 09:40, 10 desember 2007 (CET)

Godt spørsmål. Svaret er ikkje nødvendigvis opplagt... Fjorden ligg akkurat på grensa mellom Tyskland og Danmark, og i skandinavisk samanheng er det vel naturleg å bruke lokal (der, altså) skandinavisk namneform? Etter det eg kan finne ut, så er den offisielle danske forma faktisk «Flensborg Fjord». Eit kjapt Googlesøk på Flensburgfjorden og Flensborgfjorden viser at desse formene er heller lite bruka i det heile teke. Eg trur dermed eg vil stemme for den ikkje heilt estetiske forma Flensborg Fjord foreløpig.... -- Olve 18:47, 10 desember 2007 (CET)
Hm. Ja, da var det jo eit godt svar også. --Ekko 19:41, 10 desember 2007 (CET)
Har for sikkerheits skuld skrivi til Språkrådet. --Ekko 21:57, 10 desember 2007 (CET)
Eg gjetter på at vi får som svar at Noreg som sjøfartsnasjon har norske namn på verdshava, viktige havstykke og somme fjordar - som Stillehavet, Nordvestpassasjen, Svartehavet, Finskebukta og Flensburgfjorden (eller -borg-) . - Knut 22:46, 10 desember 2007 (CET)
Omtrent som når ein ven av meg meinte at Strasbourg skulle uttalast Strasjborg, så det rimte med Sasjborg? --Ekko 22:52, 10 desember 2007 (CET)
Nei, men forstavinga er henta frå lokalspråket, medan etterledden er henta frå norsk språk, etter same mønster som Biscayabukta. Og når vi skal gå til lokalspråket å finne bynamnet går eg til stormakta Tyskland, medan semi-skandinavistane kanskje går til det danske Flensborg. - Knut 22:59, 10 desember 2007 (CET)

Språkrådet har svara:

Vi har altså å gjøre med et vaskeekte dansk navn på et stykke dansk territorium (ved siden av det som er tysk). Siden det er et innarbeidet prinsipp at en på norsk bør skrive stedsnavn i andre nordiske land slik de skrives i vedkommende land (som "Göteborg", ikke "Gøteborg"), har dere her hjemmel for å bruke den danske formen "Flensborg Fjord".
Vil dere likevel ikke gjøre det, skulle "Flensburg-fjorden" (med bindestrek) være en mulighet. Den kan begrunnes som en tilpasning til norsk av den tyske formen, men det spørs om det da lenger dreier seg om noen egennavnform.

Altså: anten nyttar me dansk form og ferdig med det, eller så omsett me den tyske forma. Og då er vel dansk form naturleg. Artikkelen har altså hatt rett namn heile tida. --Ekko 17:42, 12 desember 2007 (CET)

Så tok eg feil igjen. — Men eg håper du formulerte spørsmålet på dansk eller bokmål, slik dei svara : ) - Knut 23:13, 12 desember 2007 (CET)
Nei, eg er faktisk litt skuffa der. Som offentleg tilsett burde ein vel svare folk på den forma ein får breva. Men på den andre sida har eg hatt mange spørsmål til Språkrådet no, og kvar einaste gong har eg fått svar dagen etter. Bra! --Ekko 09:04, 13 desember 2007 (CET)
Rask reaksjon er bra, men at at språkrådet bryt mållova - - Knut 11:04, 15 desember 2007 (CET)
Kanskje språkrådingar får vondt viss dei veit at dei skriv eit mål dårleg. Me får rå dei til å forbetra seg gjennom til dømes skriving på Nynorsk Wikipedia. --Ranveig 18:14, 15 desember 2007 (CET)
«Godt ord!» til Ranveig. :-) Olve 19:54, 15 desember 2007 (CET)