Nordvestpassasjen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Populære rutealternativ for Nordvestpassasjen

Nordvestpassasjen er ei sjørute frå Atlanterhavet til Stillehavet via den arktiske øygruppa nord i Canada.[1][2]

Dei ulike øyane i arkipelet er skilde frå kvarandre og det kanadiske fastlandet av ein serie arktiske sjøvegar som saman er kjende som Nordvestpassasjen.[3]

Historiske forsøk[endre | endre wikiteksten]

Frå 1600-talet til 1900-talet sende mange europeiske land ut ekspedisjonar for å finna passasjen for å etablera ei raskare handelsrute til Asia. Det var på leiting etter denne passasjen at mesteparten av den nordamerikanske aust- og vestkysten blei oppdaga og kartlagd av europearar.

I 1539 sende Hernán Cortés ein ekspedisjon under leiing av Francisco de Ulloa, som skulle segla langs dagens Baja California for å finna passasjen. 8. august 1585 kom den engelske oppdagaren John Davis fram til Cumberland SoundBaffinøya. I 1609 segla Henry Hudson opp Hudsonelva for å leita etter passasjen. Hudson var seinare involvert i oppdagelsesreiser til Nord-Canada, og oppdaga Hudsonbukta.

Jens Munk prøvde i 1620, på oppdrag frå Kristian IV, å finna Nordvestpassasjen, men kom ikkje lengre enn til Hudsonbukta.

I 1845 freista ein velutstyrt britisk ekspedisjon leidd av John Franklin å bryta seg veg gjennom isen frå Baffinbukta til Beauforthavet. Då ekspedisjonen ikkje vende tilbake blei det skipa til fleire redningsekspedisjonar. Det var desse ekspedisjonane som kartla større delar av passasjen.

Historisk trafikk[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste som segla gjennom heile passasjen var den norske oppdagaren Roald Amundsen, som hadde heisa ankar i 1903 akkurat i tide for å unngå hissige kreditorar som ville stoppa ekspedisjonen. Reisa blei gjennomført på tre år med den vesle ombygde fiskebåten «Gjøa». Den ekstreme tidsbruken hadde årsak i at han valde ei rute som var kommersielt upraktisk for gjennomfarten. I tillegg var passasjen tidvis særs grunn.

Den fyrste kryssinga frå vest til aust var med skonnerten «St. Roch» i 1940 under kaptein Henry A. Larsen. Larsen var òg den fyrste til å ta seg gjennom passasjen på ei enkelt årstid i 1944, med det same skipet.

Ved utgangen av 2018 hadde totalt 290 skip kryssa heile Nordvestpassasjen frå Atlanterhavet til Stillehavet eller omvendt. Båtane hadde nytta ni forskjellige ruter aust for Beauforthavet:[4]

Rute Farvatn Karakteristikk Tal vestgåande Tal austgåande Tal totalt Første gang
Rute 1 Davisstredet, Lancastersundet, Barrowstredet, Melvillesundet, McCluresundet, Prince of Wales-sundet, Amundsenbukta kortast og djupast. 3 0 3 2001
Rute 2 Davisstredet, Lancastersundet, Barrowstredet, Melvillesundet, Prince of Wales-sundet, Amundsenbukta unngår dei vanskelegaste isforholda i McCluresundet. 13 4 17 1944
Rute 3 Davisstredet, Lancastersundet, Barrowstredet, Peelsundet, Franklinstredet, Victoriastredet, Coronationbukta, Amundsenbukta vanlegaste rute for større skip. Minste djupne er 14 meter. 40 30 70 1967
Rute 4 Davisstredet, Lancastersundet, Barrowstredet, Peelsundet, Rae-sundet, Simpsonstredet, Coronationbukta, Amundsenbukta eigna for mindre fartøy når Victoriastredet er blokkert av is. Simpsonstredet er berre 6,5 meter djupt, og har skjer og vanskelege straumforhold. 45 11 56 1903−1906
Rute 5 Davisstredet, Lancastersundet, Prince Regent Inlet, Bellotsundet, Franklinstredet, Victoriastredet, Coronationbukta, Amundsenbukta ofte brukt av austgåande fartøy når det er lite is i Bellotsundet. 22 36 58 1969
Rute 6 Davisstredet, Lancastersundet, Prince Regent Inlet, Bellotsundet, Rae-sundet, Simpsonstredet, Coronationbukta, Amundsenbukta brukt av mindre fartøy når Victoriastredet er blokkert av is. 34 42 76 1940−1942
Rute 7 Hudsonsundet, Foxesjøen, Fury og Heclastredet, Bellotsundet, Franklinstredet, Victoriastredet, Coronationbukta, Amundsenbukta nokon gongar brukte av austgåande fartøy. Isforholda er vanlegvis vanskelege i austenden av Fury og Heclastredet. 1 7 8 1975
Rute 8 Davisstredet, Lancastersundet, Prince Regent Inlet, Bellotsunddet, McClintock-kanalen, Prince of Wales-sundet, Amundsenbukta 1 1 2012
Rute 9 Davisstredet, Lancastersundet, Barrowstredet, Peelsundet, Rae-sundet, Simpsonstredet, Coronationbukta, Amundsenbukta, Prince of Wales-sundet, McCluresundet 1 1 2011

Grensedisputt[endre | endre wikiteksten]

Passasjen er opphavet til ei usemje mellom Canada og USA. USA ser på passasjen som internasjonalt farvatn, medan Canada meiner det er kanadisk område. Skip som vil segla gjennom passasjen må ha løyve frå kanadiske styresmakter.

Sommaren 2000 drog fleire skip nytte av ein tynnare sommaris i passasjen og tok seg gjennom. Det er mogleg at global oppvarming kjem til å gjera passasjen farbar i større delar av året, noko som gjer han attraktiv som shippingrute. Skip som skal frå Asia til Europa sparer 4000 km ved å nytta passasjen, i motsetniad til dagens shippingruter gjennom Panamakanalen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Merriam-Webster Online Dictionary definition
  2. The Northwest Passage Thawed, arkivert frå originalen 2007-07-30, henta 17. oktober 2022 
  3. IHO Codes for Oceans & Seas, and Other Code Systems Arkivert 2006-07-03 ved Wayback Machine., including IHO 23-3rd: Limits of Oceans and Seas, Special Publication 23, 3rd ed. (1953), published by International Hydrographic Organization.
  4. «Transits of the Northwest Passage to the end of the 2018 navigation season Atlantic Ocean − Arctic Ocean − Pacific Ocean» (PDF) (på engelsk). Scott Polar Research Institut. 1. desember 2018. Henta 1. juli 2019.