Diskusjon:Hovudside/Kladd

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Åja!!! --Ekko 5. juni 2008 kl. 14:46 (CEST)[svar]

Fin! — H92 (d · b · no) 10. juni 2008 kl. 21:29 (CEST)[svar]

No er eg nøgd, byt ut hovudsida no! Hogne 13. juni 2008 kl. 18:27 (CEST)[svar]

Eg er med! --Ekko 13. juni 2008 kl. 18:58 (CEST)[svar]
Ja, ser bra ut no. Skulle det dukke opp noko uventa, så er det sikkert raskt å fikse. --Frokor 13. juni 2008 kl. 19:03 (CEST)[svar]
Samd, men eg tykte at boksen med arbeidskontoret, samfunnshuset, osv framleis kunne vore øvst på sida, slik det var på eit tidlegare framlegg. Martin NH 13. juni 2008 kl. 19:41 (CEST)[svar]
Det går an å stokka om på boksane, men eg personleg føretrekk størst mogleg fokus på innhaldet vårt på hovudsida. Det er peikar til Samfunnshuset og Arbeidskontoret i venstremargen på kvar einaste side. --Ranveig 13. juni 2008 kl. 20:22 (CEST)[svar]
Eg er samd med Ranveig her. Den der mobiltelefonen er det éinaste som skurrar litt no. "Grunnlagt..." bør stå heilt til venstre. Lenke til waputgåva hører meir naturleg til i venstremenyen. --Bep 13. juni 2008 kl. 20:30 (CEST)[svar]
Etter å ha vendt meg til denne versjonen, ser eg poenga dykkar. No ser eg ingen grunn til å vente med å byte ut hovudsida! Martin NH 14. juni 2008 kl. 13:23 (CEST) Berre ein ting: Kanskje me òg kunne hatt den der "Picture of the day"-saka frå Commons? Martin NH 14. juni 2008 kl. 13:28 (CEST)[svar]
Eg har også hatt store draumar om eit utvald bilete. Men kanskje det kan brukast til å farga opp og inspirera på Arbeidskontoret? "Kva er dette?", liksom. --Ranveig 15. juni 2008 kl. 15:22 (CEST)[svar]

Her tel eg berre røyster for. Om ingen har meir å innvenda mot den nye framsida, kan me kanskje legga henne inn måndag? --Ranveig 15. juni 2008 kl. 15:22 (CEST)[svar]

Framifrå arbeide frå dei som har vore med på denne særs effektive dugnaden. Flinke, kloke og greie er de! --Ekko 15. juni 2008 kl. 15:59 (CEST)[svar]
Ja, legg ho inn no! :-) Martin NH 15. juni 2008 kl. 19:17 (CEST)[svar]

Skanwiki-flagg[endre wikiteksten]

Det manglar eit flagg i ramma til utvald skanwikiartikkel. --Harald Khan Ճ 5. juni 2008 kl. 14:48 (CEST)[svar]

Det er fordi eg tok biletet frå dei snille danskane, som har laga eige skandinavisk språk-ikon. Eg hadde opphavleg tenkt å ta juksa litt ved å ta ut det blå korset og få eit fiks ferdig dansk flagg, men du har rett i at me treng eit norsk eit òg. Gå gjerne i gang med å laga eller finna betre ikon, det er ikkje alle eg er nøgd med (t.d. dei under «emne».) --Ranveig 5. juni 2008 kl. 15:40 (CEST)[svar]
Hehe, eg trur ikkje eg kan få til so mykje med mine biletredigeringskunnskapar; men aldri sei aldri. --Harald Khan Ճ 5. juni 2008 kl. 16:22 (CEST)[svar]
Eg gjorde eit tafatt forsøk på å fjerne krossen frå det norske flaget, resultatet blei heller dårleg. Andre får det sikkert betre til, men viss ikkje må ein vel kanskje lage eit nytt bilete, med det originale danske og det svenske? Martin NH 9. juni 2008 kl. 20:54 (CEST)[svar]
Eg laga ein dansk/svensk versjon i Inkscape (SVG) editor. --Bep 10. juni 2008 kl. 14:39 (CEST)[svar]
Eg har òg lagt lasta opp ein treflagga versjon, eg veit ikkje kva som høver best. --Bep 10. juni 2008 kl. 15:13 (CEST)[svar]
Ein treflagg-versjon høver best; men eg synest at dei tre flagga burde vera på rekkje slik at dei var meir synlege :-) --Harald Khan Ճ 10. juni 2008 kl. 15:24 (CEST)[svar]
Jaudå, men tre flagg i breidda på 20 pixlar... --Bep 10. juni 2008 kl. 15:29 (CEST)[svar]
Om du orker å laga to utgåver til, der dei andre flagga ligg øvst, kan dei veksla automatisk etter kva språk me viser. --Ranveig 10. juni 2008 kl. 15:35 (CEST)[svar]
No problemos: --Bep 10. juni 2008 kl. 15:50 (CEST)[svar]
Fantastisch! --Ranveig 10. juni 2008 kl. 20:00 (CEST)[svar]

Dette er, som tittelen hinter om, ein kladd. No er tida for reaksjonar -- på rekkefølge, fargar, bakgrunnsfargar, andre større problem (mindre problem er det berre å gå inn og fiksa sjølv).

Rare ting som "=== Utvald artikkel veke 23: Sparta===" er ikkje noko problem, dei blir tekne ut om/når me set denne hovudsida i drift. --Ranveig 5. juni 2008 kl. 15:51 (CEST)[svar]

Uvant, men såg friskare ut. Er ikkje sikker på om eg likar det eller ikkje, men det er nok berre vanen. --Frokor 5. juni 2008 kl. 16:22 (CEST)[svar]
Dette likte eg. Einaste ankepunktet er at skilnaden til alle dei andre (gråe) sidene blir stor. Nesten som vi lovar meir enn vi held. stykkjet 5. juni 2008 kl. 21:33 (CEST)[svar]

Skrifttypar[endre wikiteksten]

Eg likte ikkje skrifttypane. Men eg er stort sett mot all forandring, så om ein meiner dei er fine, skal de ikkje høyre på meg. -Knut 5. juni 2008 kl. 16:18 (CEST)[svar]

Eg la ikkje merke til at det var fastsett skrifttypar (alle namna er Windows-fontar, medan eg jobba i Linux). Fridommen til å velja skrifttype bør vera sjølvsagt i det frie oppslagsverket, så vekk med dei! --Ranveig 5. juni 2008 kl. 16:36 (CEST)[svar]

Emnebolken[endre wikiteksten]

Emnebolken likte eg godt! --Knut 5. juni 2008 kl. 16:21 (CEST)[svar]

Ei stund hadde emnebolken "overskriftene" (teksten før kolonet på kvar line) i utheva skrift. Det gav betre oversikt enn når alle orda står med lik typografi. -Knut 10. juni 2008 kl. 19:14 (CEST)[svar]

Bra![endre wikiteksten]

Dette såg særs bra ut! Mykje betre enn den gamle! Eg røyster for at me brukar denne! Martin NH 9. juni 2008 kl. 20:06 (CEST)[svar]

Ikkje-kvalifiserte synspunkt: Mange framskritt i denne utgåva av hovudsida. Visuellt, for mange og for mykje bakgrunnsfarger virker uroande, alle bokser kan klare seg med kvitt eller svakt grått f.eks. #FEFEFE. Gjeld òg områda under 'Viste du at..', 'Emne' (Bildeikona er ikkje tilpassa fargebakgrunn). Funksjonelt, mange nettstader har eit søkjefelt oppe på sida, gjerne til høgre, det er naturleg å kaste blikket opp i den retninga for å finne søkjefelt. Standard søkjefelt i Mediawiki er litt bortgøymt nede i venstre marg. Roar 10. juni 2008 kl. 13:38 (CEST)[svar]

Einig i at det kanskje er litt vel fargesterkt no, men heilt grått synest eg blir for trist. Søkefeltet trur eg ikkje me kan flytta, men det er i alle høve vist til søking oppe til høgre på sida. --Ranveig 10. juni 2008 kl. 15:37 (CEST)[svar]
Eg tykkjer det er greit med litt fargar, og tykkjer ikkje det er forstyrrande, framsida er fin som den er no! Martin NH 10. juni 2008 kl. 15:55 (CEST)[svar]
Me skal ikkje vere redde for å bruke litt fargar (med måte). Eg likte spesielt den forfriskande velkomsten i toppen (som no har vorte grå... Eg likte den førre fargen). Dette likte eg. --Bep 10. juni 2008 kl. 16:18 (CEST)[svar]

Er det rå med å få boksane justert på linje vertikalt? sjå grøne loddsnorer her: Fil:X test hovudside.pngRoar 10. juni 2008 kl. 16:34 (CEST)[svar]

Sjølve oppsettet[endre wikiteksten]

Eg syns det er litt skeiv fordeling av dei forskjellige boksane no. Eg syns det er litt for mykje luft i dei utvalde artiklane på høgresida, medan det er altfor lite luft i boksane til høgre, særleg mellom «Dagen i dag» og «Visste du at...». Dei virkar litt skvist inn. Trur òg det hadde sett betre ut om den blå boksen rundt «Utvald artikkel»-overskrifta hadde vore vertikalt midtstilt med den gule boksen rundt «Emne»-overskifta. --Frokor 9. juni 2008 kl. 21:52 (CEST)[svar]

Eg lurer også på om det går an å lage eit lite mellomrom mellom velkomen til Wikipedia-boksen og boksane "Grunnprinsipp Spørsmål og svar Hjelp Skriva Endra Arbeidskontoret Samfunnshuset Kontakt" og "Hjelp:Søk Søking Kategoriar Alle kategoriane Alle artiklane"? Martin NH 9. juni 2008 kl. 22:43 (CEST)[svar]
Mellomrommet er der no. Eg veit ikkje om eg har gjort heilt slik Frokor meinte, men Emne og Utvald artikkel står no i det minste like høgt på sida. Om du meiner at det blir mykje luft under dei utvalde artiklane, kan me kanskje flytta dei andre Wikimedia-prosjekta opp nedst i venstre kolonne, eller muligen boksane med Informasjon og Søking inn øvst. Flikk i veg, det går alltid an å rulla attende. --Ranveig 9. juni 2008 kl. 23:46 (CEST)[svar]
Syns det kom seg med bakgrunnsfarge i boksane til høgre. --Frokor 10. juni 2008 kl. 10:39 (CEST)[svar]
No tykkjer eg det ser endå betre ut. Martin NH 10. juni 2008 kl. 12:54 (CEST)[svar]
Redusert storleik på fargefelta i bakgrunnen var av det gode. Ei stund såg framside vel mykje ut som ein milkbar. --Knut 10. juni 2008 kl. 19:16 (CEST)[svar]

Er det forsøkt å flytte Dagen i dag-boksen til venstre, av omsyn til balansen? Helst ville eg hatt han nedst, i så fall, men det er kanskje ei underleg plass for ein datoboks. --Knut 12. juni 2008 kl. 07:25 (CEST)[svar]

No byrjar det å sjå "ferdig" ut, i mine auge. Eg har berre to mindre innvendingar, den første er eg litt usikker på:

  1. Informasjonslenkene ("Grunnprinsipp ...") står ikkje likt plassert i høve til "søkelenkene"
  2. Tittel "Utvald artikkel..." er nærast midtstilt, ulikt dei andre overskriftene

--Bep 13. juni 2008 kl. 16:28 (CEST)[svar]

Lenkjer på ikona [endre wikiteksten]

Artig design som me skal prøve ut. MEN me kan ikkje så framtredande lenkjer til ikona på framsida. Me er ikkje interessert i å sende nysgjerrige besøk til Wikibar2.png og andre ikon. Mykje betre om ein anten tar vekk lenkja eller lenkjer om til aktuell artikkel som: Wikipedia:Vekas artikkel på heile bar'en eller over biletet. Sjå til dømes lenkjene på ikona her: [1] Hogne 10. juni 2008 kl. 16:00 (CEST)[svar]

Dette var ei viktig innvending. Mange brukarar vil vere vande med at klikk på ikonet fører deg til emnet ikonet illustrerer. --Knut 10. juni 2008 kl. 19:19 (CEST)[svar]
Eg trur ikkje me kan ta vekk peikarane, det er ein mediawikiting at dei alltid går til biletsida om ein ikkje seier frå hardt og bestemt at dei skal visa ein annan plass. Eg går ut frå at wikibaren bør visa til emnet det er snakk om der det står. Alternativet er at det alltid viser til Wikipedia, men det blir kanskje litt mykje wiki. --Ranveig 10. juni 2008 kl. 19:28 (CEST)[svar]
Det er mogeleg å leggje peikarar på ikona som eksempelet over syner, og som er gjort på forstørrelsesglaset lenger oppe på sida. Det er likevel mykje jobb for ukynnige (5- 6 liner med uforståeleg kode). Dersom det ikkje går må me ta vekk ikona heilt. Me kan ikkje ha misvisande lenkjer på framsida! Sjå til dømes på den engelske framsida, der er det veldig sparsamt med ikon, dei som er der er globen som går naturleg til framsida, og eit ikon per søsterprosjekt, som fører til det aktuelle søsterprosjektet. Reelle bilete i featured image og article kan gå til sjølve biletet det er OK. Hogne 10. juni 2008 kl. 21:22 (CEST)[svar]
Eg er samd i at denne lenkinga til ikona er uheldig, men me kan ikkje gi opp tanken om ikon på framsida av den grunn. Det blir for dumt. Ein person med litt mal-tekke (Frokor og Ranveig er gode) kan sikkert putte desse "5-6 linjene med uforståeleg kode" inn i ein mal ala Mal:Ikon. --Bep 11. juni 2008 kl. 00:31 (CEST)[svar]
Bortsett frå på Wikimedia-overskrifta synest eg ikkje me treng «puslespillbiten». --Ekko 11. juni 2008 kl. 08:47 (CEST)[svar]

På fransk wikipedia har dei klart å få inn puslespelbiten utan at han linkar nokon stad. Ser de korleis det er gjort? Hogne 12. juni 2008 kl. 18:59 (CEST)[svar]

Puslespelbiten går til og med bak teksten!!! Hogne 12. juni 2008 kl. 19:01 (CEST)[svar]
Dei har lagt puslespelbiten til som ein del av stilarket. Smart. Bør ikkje vere noko problem å klare det hos oss heller. Kan kopiere malen deira og css-koden og heller omsetje frå fransk etterpå. --Frokor 12. juni 2008 kl. 19:16 (CEST)[svar]
Me treng sikkert ikkje denne malen, men funksjonen "url("http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/1/1b/Wikibar2.png") no-repeat right" må inn i ein klasse på stilarket, eller inn i stilen (style) for boksen der han skal nyttast. Eg får derimot ikkje denne til å virke. --Frokor 12. juni 2008 kl. 20:05 (CEST)[svar]
Det ser ut som mediawiki-parseren strippar "inline style" (god norsk!) dersom han inneheld url (eg forstår ikkje korfor), men det funkar greit når stilen ligg i eit stilark, ref testar eg har gjort med mi monobook.css --Bep 12. juni 2008 kl. 21:06 (CEST)[svar]
Denne skulle gjere susen (ein må sjølvsagt fjerne referansane til wikibar som finst frå før...:
body.page-Hovudside_Kladd th {
  background: url("http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/1/1b/Wikibar2.png") no-repeat right top;
}

--Bep 13. juni 2008 kl. 00:06 (CEST)[svar]

Ser du puslespelbiten no på Brukar:Bep/Kladd? eg forsøkte å leggje inn det same i mi Brukar:Hogne/monobook.css som du hadde i di, utan at det gav resultat. Eg har sletta mellomlageret (ctrl+shift+r)...er det slike ting som oppdaterer seg ein gong i månaden? Hogne 13. juni 2008 kl. 09:28 (CEST)[svar]
Ja, eg ser puslebiten på mi kladdeside. Sjå monobook.css (eg har no fjerna nokre linjer som ikkje er i bruk, for å minske forvirringa). For meg funkar det alltid med ctrl-shift+r (Firefox) etter endring av monobook.css. --Bep 13. juni 2008 kl. 15:04 (CEST)[svar]

:::Hmmm, men eg ser ikkje puslespelet i Opera/IE... Attende på forskingsbenken. --Bep 13. juni 2008 kl. 15:08 (CEST) Det var berre ein sletting av mellomlageret som skulle til i Opera/IE også. No har Ranveig oppdatert common.css. Ser bra ut hjå meg (både firefox, IE og Opera). --Bep 13. juni 2008 kl. 15:59 (CEST)[svar]

Det var ei flott løysing, ja. Nesten som trolldom! --Ranveig 13. juni 2008 kl. 16:07 (CEST)[svar]
Jaudå, løysinga er både enkel og elegant. Men den inviterer ikkje akkurat til gjenbruk. Det beste ville kanskje vore å legge alle stilane på denne sida inn i css-klassar (table.framsideboks, th.framsideboks) og lage Framsideboks (tabellen) som ein mal. --Bep 13. juni 2008 kl. 17:07 (CEST)[svar]
Heh, erfaringa mi er at etter eg har sletta mellomlageret så tar det likevel tid før slike ting vert oppdatert. Kva som skal til veit eg ikkje, så derfor er eg alltid usikker på om endringar i stilarket virkar eller ikkje. Kan vere ganske irriterande. --Frokor 13. juni 2008 kl. 09:43 (CEST)[svar]
Sit du bak ein proxy eller noko slikt? Mi erfaring har vore at proxy tenarar kan vere eit seigt ekstra mellomlager å stange mot... Anders 13. juni 2008 kl. 16:09 (CEST)[svar]
Det kan ta litt tid når ein endrer dei "offisielle" sidene, ja, men i dag var dei oppdaterte etter nokre minutt. --Ranveig 13. juni 2008 kl. 16:07 (CEST)[svar]

Runde hjørne[endre wikiteksten]

Runde hjørne ser elegant ut, men dette funkar berre i Mozilla nettlesarar (Firefox), etter det eg forstår (det kjem som standard i CSS3), -moz-border-radius er ein Mozilla-spesifikk attributt, men det er greit for meg som Firefox-mann.

Eg saknar i tillegg artikkelteljaren i toppen. Bra at headeren vart smalare, men det er framleis litt plass der. --Bep 10. juni 2008 kl. 19:36 (CEST)[svar]

Eg tykte velkomstboksen var betre før. Martin NH 10. juni 2008 kl. 19:44 (CEST)[svar]
Han kunne vore bra, men mal:velkomst og resten av sida passa ikkje heilt saman. Dei såg ut som om dei av utforma med to ulike tankar bak. --Ranveig 10. juni 2008 kl. 19:59 (CEST)[svar]
Okay, eg ser poenget. Med artikkelteljaren tilbake er det eigentleg like greitt. Martin NH 10. juni 2008 kl. 21:48 (CEST)[svar]

Meir om ikona[endre wikiteksten]

Vekas artikkel ikonet () ser meir ut som eit søke-ikon. Eg synest det er uklårt når ein nyttar forstørringsglaset her også. Kva med å nytta dette i staden: Det er nytta på spansk wikipedia som ein ny god artikkel.

Ikona er noko samanraska, ja, og eg synest òg at særleg emne-ikona kan vera betre. Meininga med ikonet var meint å vera "artikkel under lupa". Eg synest ikkje eit v-teikn er noko særleg meir meiningsfylt -- for meg tyder ei slik hake at noko er gjort, ikkje at noko er utvald. Me kunne kanskje fortsett flagginga med noko som . --Ranveig 11. juni 2008 kl. 14:23 (CEST)[svar]
Ja, eg er einig. Hogne 11. juni 2008 kl. 14:55 (CEST)[svar]
Eg likte no ikonet med forstørringsglaset, eg. --EIRIK\diskusjon 11. juni 2008 kl. 21:18 (CEST)[svar]
Samd med Eirik. Martin NH 11. juni 2008 kl. 21:42 (CEST)[svar]
Eg likte eigentleg ingen av dei. http://commons.wikimedia.org/wiki/Category:Icons har masse ikon. Eg har bladd gjennom, men det er vanskeleg å finne passande ikon til denne overskrifta. Her er nokre av mine utvalde:

Eg synest også at teknologi-ikonet er litt for vagt. ( ) Eg ville valt dette i staden: , som dei har gjort på fransk wikipedia. Hogne 11. juni 2008 kl. 12:38 (CEST)[svar]

Ja. Jo enklare jo betre. --Ranveig 11. juni 2008 kl. 14:23 (CEST)[svar]

Overskrift[endre wikiteksten]

Eg tenkte ikkje over dette med den "gamle" layouten, men no er overskrifta på sida forstyrrande ("Hovedside" er vel heller ikkje særleg opplysande).

Etter tips her: http://paulgu.com/wiki/Manual:FAQ#How_do_I_hide_the_main_page_title.3F

Har eg gjort eit forsøk med mi personlege monobook.css og lagt inn dei to linjene:

body.page-Hovudside_Kladd h1.firstHeading { display:none; }
body.page-Hovudside_Kladd #siteSub { display:none; }

Då blir det sjåande slik ut (mykje ryddigare i mine auge):

Fil:X-nn-kladd-overskrift.jpg

--Bep 11. juni 2008 kl. 18:37 (CEST)[svar]


Einig, dette ser betre ut. --EIRIK\diskusjon 11. juni 2008 kl. 21:19 (CEST)[svar]
Samd eg òg. Dette kan me vel berre leggje inn? Hogne 11. juni 2008 kl. 23:32 (CEST)[svar]
Dette er det bare å legge inn, det er mye penere, så er det bare å fjerne _Kladd når hovedsiden erstattes. — H92 (d · b · no) 12. juni 2008 kl. 18:50 (CEST)[svar]
No har Ranveig allereie gjort det for kladd-sida. Det kunne sikkert også med fordel gjerast for noverande hovudside. --Bep 12. juni 2008 kl. 18:56 (CEST)[svar]

Tidlegare låg det ei referanse til Wapedia. Eg har freista leggje det inn igjen i søke-området oppe til høgre med ein mobiltelefon-ikon.

Fil: biletet er ugyldig eller eksisterer ikkje

Eg nyttar ofte mobiltelefon for å slå opp i Wikipedia og eg vil gjerna ha ein link til Wapeida her. Men kanskje Wapedia heller skal få ein plass i venstre-menyen? -- Hogne 12. juni 2008 kl. 16:02 (CEST)[svar]

Venstremenyen hadde vore flott. Det vert for langt å rulle til høgre på mobilen min. Eg tykkjer likevell at det ikkje er lett å sjå kva ikonet står for. Anders 13. juni 2008 kl. 16:14 (CEST)[svar]

Skjermoppløysing[endre wikiteksten]

Tekst kjem under puslespel-symgolet

Eg har forholdsvis låg skjermoppløysing på den stasjonære PCen min (1024x768). Skjermen er berre om lag to år gammal, så eg reknar med eg er langt frå den eianste. Det plagar ikkje meg nemneverdig, men sida bør kanskje utformast med tanke på at ho skal vere lik for alle skjermoppløysingar, altså at element ikkje byrjar å flytte seg over eller under kvarandre der det er meininga dei skal vere på linje.

Eg foreslår at me fjernar puslespel-biten frå boksane i høgre kolonne. Eg har lagt inn eit framlegg der no. Rull tilbake om de ikkje er nøgde. Hogne 12. juni 2008 kl. 17:47 (CEST)[svar]

Skal vi ta vare på denne sida og diskusjonen rundt ho, eller skal vi rydde? Hogne 16. juni 2008 kl. 11:41 (CEST)[svar]

Det er vel vanleg å ta vare på slike ting også, for historikken si skuld. Gode samarbeidsprosjekt er det verdt å hugsa! --Ranveig 16. juni 2008 kl. 17:29 (CEST)[svar]

Det blei laga ein ny versjon med ein gulfarge eg ikkje tykte var fin. Her har eg laga ein versjon der grønfargar erstattar gulfargane. Skal me byta ut hovudsida med denne versjonen? Martin NH 9. juli 2008 kl. 18:34 (CEST)[svar]