Diskusjon:Is

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vatn[endre wikiteksten]

Artikkelen handlar no om frose vatn, og berre dét.
Eg synest at han skal handla om desserten is, og berre dét.
Eg synest ikkje eingong det er naudsynt med noka tilvising til artikkelen om vatn, for alle som vil vita noko om frose vatn, veit at det er same stoff som ikkje-frose vatn, og vil forventa å finna det dei treng under eigenskapene til vatn.
Det som står her no, kan med fordel flyttast til artikkelen om vatn, meiner no eg.
Men det er ikkje sikkert at andre er samde med meg — synspunkt?
--Verdlanco (diskusjon) 26. feb 2005 kl. 1611 (UTC)

Eg er samd. Du har rett i at is bare er ei anna form for vatn. Is som me et, derimot, kan vera iskrem og saftis og sorbet og eg veit ikkje kva - eg trur dei blir best dekka i ein felles artikkel om is. -- Ranveig 30. mar 2005 kl. 2354 (UTC)
Ikkje einig. Her bør det vera fleirtyding, t.d. på denne måten:
Frose vatn, sjå vatn
Desserten is, sjå iskrem
Tørris, sjå karbondioksid
--KRISTAGAα-ω 27. des. 2005 kl. 19:30 (UTC)
Eg trur fleirtyding må til. Folk har i alle fall tenkt ulikt når dei har internlenkja is: http://nn.wikipedia.org/wiki/Spesial:Whatlinkshere/Is
Frose vatn kan godt ha eigen artikkel, kva han no bør heite. en:Ice, de:Eis og så bortetter, det er mykje å seie om frose vatn. --Jorunn 27. des. 2005 kl. 22:57 (UTC)
Tja. Is/vatn/damp er kanhende eit so ekstremt vanleg stoff at me treng éin artikkel for kvar tilstand av det (i motsetnad til mest alle andre ting me skriv om i Wikipedia).
Likevel: Alle veit jo at is og vatn er same stoffet, berre med ulik temperatur – det finst neppe nokon som treng å slå opp i eit leksikon for å finna ut dét. Difor synest eg at ein gjerne kan skriva t.d.:
  • Medan Pluto er dekt av frosen [[nitrogen]], trur ein månen Charon er dekt av vanleg [[vatn|is]].
og peika rett på både nitrogen og vatn utan å gå vegen om ein eigen artikkel om den frosne forma for det eine av stoffa.
Men eg er heilt samd i at det i det minste bør finnast peikarar til H2O-is og CO2-is i artikkelen om ete-is.
--Verdlanco\ordskifte 28. des. 2005 kl. 08:03 (UTC)
Omgrepet iskrem inkluderer ikkje dessertar som sorbet, saftis. Omgrepet is om frosen væske inkluderer andre stoff enn vatn — anten fullt ut eller i blanding. I den forstand er omgrepet is namnet på ein kjemisk tilstand heller enn ei kjemisk damansetjing. Trur derfor at fleirtydinga heller bør taka utgangspunkt i primærtydinga «tilstanden is» med sine undergrupperingar og sekundærtydinga «matretten is» med sine undergrupperingar (t.d. iskrem, joghurtis, sorbet, saftis, iskake). -- Olve 28. des. 2005 kl. 20:52 (UTC)
Dersom det ender opp med fleirtyding her, kan de òg leggje til IS (store bokstavar), som er kurva som viser likevekt i varemarknaden i makroøkonomi. Lenk gjerne til ISLM-modellen. --Erlend 28. des. 2005 kl. 21:00 (UTC)

Eg ser at nokon har teke seg til rette og flytta det som stod om matretten is til iskrem medan artikkelen is no handlar om frose vatn. Det er forsåvidt greitt for meg, men flyttinga bør i så fall gjerast skikkeleg, med historikken teke vare på, og artikkelen om mat-is bør nok ligga under matretten is (eller noko liknande). Er det nokon som har imot dette? -- Ranveig 16:02, 18 september 2006 (UTC)

Jepp, det var eg som gjorde det. Is og vatn er vanvittig viktig for så mykje her på Jorda, spesielt med tanke på veret og klimaet. Skal då hovedsida "Is" handle om iskrem? Det blir berre teit. Det er vel stort sett berre på norsk at "iskrem" blir referert til som "is". Sida "Is" på bokmål handlar også om frose vatn, men henvisning til iskrem på toppen av sida. Same på den engelske. Vitskapen rundt is er og altfor omfattande til å komme inn under sida "Vatn" etter mi meining. Is er ikkje berre den faste forma av stoffet vatn. Det har eigenskapar som ingen andre faste stoff har i forhold til væskeforma av stoffet. Frokor 18:41, 18 september 2006 (UTC)
Irsk oighear tyder både is på bakken og på tallerkenen. Og å skrive at eit synspunkt er "berre teit", for meg ser det berre teit ut. Ut over det er artikkelen slett ikkje ille, men eit betre skille mellom is som frose vatn og is i tydinga sjøis hadde gjort han betre. T.d. kjem opplysinga om pannekakeis litt underleg inn. Kvifor ikkje i ein eigen bolk om is som ligg på vatn? --Ekko 19:10, 18 september 2006 (UTC)
Joda, ber om årsaking for det. For meg er det eigentleg ikkje så viktig kva side som heiter kva, men eg meiner det ville vore mest naturleg å kalle sida om frose vatn for "is". "Eis" på tysk tyder jo og begge deler, men der er sida om frose vatn og kalla "Eis". I tillegg er ordet iskrem eit mykje brukt ord, medan is som i frose vatn eigentleg ikkje har synonym og då må ein vel til med parentesar bakom for å forklare nærare. Eg kjem ikkje til å legge meg meir opp i dette -- Frokor 20:59, 18 september 2006 (UTC)
Hm, du treng vel ikkje be om orsaking for nokon ting? Elles har eg bind 7 av Den norske los (Svalbard og Jan Mayen) ein eller anna stad, det er det eit godt kapittel om havis i polare strok. Skal sjå om eg får fylt inn litt etter kvart. --Ekko 21:24, 18 september 2006 (UTC)
Tenkte på det å kalle det teit. -- Frokor 21:32, 18 september 2006 (UTC)

Historikk[endre wikiteksten]

Sidehistorikken for denne sida innheld ikkje dei tidligaste endringane gjorde av Brukar:Frokor, Brukar:Eirik og Brukar:Ekko. Dei finst her: [1], [2], [3], [4], [5], [6], [7]. -- Ranveig 19:32, 19 september 2006 (UTC)